MF «Eiksund»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ferja Eiksund kjem frå Trandal og skal legge til på Sæbø.

MF «Eiksund» er ei bilferje på Sunnmøre som går ruta Skår-Leknes-Sæbø-Trandal-Standal.

Historie[endre | endre wikiteksten]

MF «Eiksund» vart bygd som MF «Radøy»Hjørungavåg Mek. i 1970 og vart levert til BNR, Bergen. Ho vart då sett inn på dei fleste sambanda til BNR. I 1986 kjøpte MRF ferja og døypte henne om til «Eiksund». 16. mai 1986 seint om kvelden forlét Eiksund Hordaland, ho kom til Sunnmøre 17. mai, og vart då sett inn i ruta Volda-Folkestad. 20. mai vart Eiksund sett inn på sambandet Eiksund-Rjånes. I 1986 vart MF «Eiksund» erstatta av MF «Solnør» på Ruta Eiksund-Rjånes, og etter det vart ho sett inn på Årvik-Koparnes-Syvdsnes. I 1993 vart ho sett inn på Eidsdal-Linge, der gjekk ho fram til 2008, då vart ho lagt i opplag i Valldal. I 2005 vart ho overført frå MRF til Fjord1 MRF. I januar 2008 vart ho sett inn på Molde-Sekken der ho erstatta MF «Edøy», og der ho gjekk fram til MF «Linge» tok over. 31. januar 2008 i 12-tida vart ho henta av mannskapet på MF «Nørvøy» og sette då kursen for si nye rute på Hjørundfjorden. Der vart ho sett i rute kl 17.30 og avløyste då MF «Nørvøy» som gjekk til Hjørungavåg for opplag. 12. oktober 2008 gjekk «Eiksund» for dokking til Vegsund slipp, der ho var i fire veker, og vart då erstatta av MF «Kvernes» på Hjørundfjorden.

Tekniske data[endre | endre wikiteksten]

  • Lengde: 49,98 m
  • Breidde: 10,6 m
  • Djuptgåande: 4,1 m
  • Bilar: 28
  • Lastetonnasje: 216 tonn
  • Motor: Wichman 750 hk
  • Kallesignal: LMUS
  • IMO: 7026948