Hopp til innhald

MF «Finnøy» (1971)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre ferjer med same namn, sjå MF «Finnøy».
MF «Finnøy» (1971)

MF «Austrheim» i opplag ved Steinestø vinteren 2003/2004
Foto: Harald Sætre
Karriere
Namn: 1971–1995: «Finnøy»
1995–2003: «Kvitsøy»
1995–2012: «Austrheim»
MF «Cameroon»
Type: Bilferje
Reiarlag: 1971–1991: Det Stavangerske Dampskibsselskab
1991–2003: Rogaland Trafikkselskap
2003–2012: HSD sjø
2012- Comatrans S.A.
Registreringshamn: Bergen
Verft: Løland verft A/S
Byggjenummer: 32
Sett i teneste: 1971
Status: Forlist
Identifisering: IMO-nummer: 7105005
Generelle eigenskapar
Yting: 1500 bhk
Tonnasje: 451 tonn
Lengd: 45,24 m
Djupgang: 3,24 m
Passasjerar: 240

MF «Finnøy» var ei bilferje som vart overlevert til reiarlaget Det Stavangerske Dampskibsselskap (DSD) i 1971. Frå 1995 til 2003 hadde ferja namnet MF «Kvitsøy». I perioden 2003–2012 heitte ho «Austrheim» og deretter «Cameroon».

Ferja var byggnummer 32 ved Løland verft i Leirvik i Sogn. Ved overleveringa i 1971 var tonnasjen 451 bruttoregistertonn og 228 nettoregistertonn. Hovidmaskinen var ein sekssylindra totakts dieselmotor bygd av Wichmann Motorfabrikk ASRubbestadneset.

Ferja gjekk i rutefart for HSD Sjø frå 2003, for Tide Sjø frå 2006, og for Norled frå 2012. Ho vart sletta frå skipsregistret NOR den 10. april 2012 og selt til Comatrans S.A. i Kamerun. Ho gjekk i trafikk mellom Tiko i Kamerun og Calabar i Nigeria under det nye namnet «Cameroon».[1] Den 25. august 2019 forliste fartøyet i Guineabukta undervegs frå Calabar til Tiko. 111 personar vart redda, men 14 personar vart funne omkomne og minst 90 vart ikkje funne.[2]

  • 1971 (april): Levert som MF «Finnøy» for Det Stavangerske Dampskibsselskab, Stavanger og sett inn på det såkalla «Finnøysambandet»/«Midtsambandet»
  • 1990 (januar): I trafikk for Rogaland Trafikkselskap A/S
  • 1991 (desember): Overført til Rogaland Trafikkselskap A/S i Stavanger
  • 1992: Sett inn på sambandet Kvitsøy–Mekjarvik
  • 1995 (mars): Omdøypt til MF «Kvitsøy»
  • 1996 (september): Ommålt: 749 bruttoregistertonn, 299 nettoregistertonn
  • 2001 (august): Tatt ut av trafikk
  • 2003 (januar): Overført til Stavangerske AS i Stavanger
  • 2003 (september): Innkjøpt av HSD Sjø AS i Bergen. Omdøypt til MF «Austrheim».
  • 2019 (august): Kantra og sokk i Guineabukta[3]
  1. MF «Cameroon», stp-fartøyregister[daud lenkje]
  2. Maritime, Baird (3. september 2019). «Overloading blamed as Cameroon ferry disaster death toll climbs to 17». Baird Maritime (på engelsk). Henta 16. mars 2022.
  3. Ask, Foto: Eirik (26. august 2019), «Tidligere Kvitsøy-ferje kantret i Kamerun - nærmere 100 kan være omkommet», www.aftenbladet.no (på norsk bokmål), henta 28. oktober 2025