MF «Folgefonn» (1938)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

MF «Folgefonn» i Hardanger.
Karriere  Noreg
Namn: MF «Folgefonn»
Eigar: HSD
Overdratt: 1979 av
Verft: Bergens mek. Verksteder i Bergen
Verftsnummer: 370
Sjøsett: 1938
Teke ut av teneste: 1979 av Dixon World Wide Travel i Liverpool
Kjennemerke: LJXB
Lagnad: 1981, sletta av Lloyds: Nytta som flytande klubbhus.
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 197 brt, 66 nrt
Lengd: 119,7 fot (36,5 m)
Breidd: 26,6 fot (8,1 m)
Djupgang: 9,7 fot (3,0 m)
Installert effekt : 300 bHK
Framdrift: 4cyl. 2T EV Wichmann RM
Passasjerar: 300 passasjerar
Bilar: 18-20 køyretøy
Generelle mål etter ny motor i 1965
Installert effekt : 400 bHK
Framdrift: 4cyl. 2T EV DM (Wichmann)

MF «Folgefonn» var i perioden 1938-1979 ei bilferje for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. «Folgefonn» var ikkje berre den første spesialbygde bilferja til HSD, men òg den største og mest moderne bilferja i landet som ny i 1938. Ferja er no attende i Noreg etter 21 år som klubbhus på Themsen i England og er freda av Riksantikvaren.

MF «Folgefonn»[endre | endre wikiteksten]

MF «Folgefonn»
MF «Folgefonn» anløper Hufthammar i Austevoll i 1978.
Foto: Harald Sætre.

«Folgefonn» vart levert frå Bergen Mekaniske Verksted i Bergen den 2. juni 1938 og kosta kr. 350 000.«Folgefonn» var konstruert av HSD sin eigen ingeniør Daae og var som ny den største og mest moderne i Noreg. Ho hadde langskips gjennomkøyring, men hadde enno maskinhuset i senterlinja og dermed midt på bildekket. Ferja var tilpassa turisttrafikken om sommaren og hadde ljos salong med store vindauge over bildekket. Ferja var bygd for det nye ferjesambandet Ålvik-Kinsarvik i Hardanger. Dette sambandet gav samanhengande veg frå Oslo til Bergen. Første kapteinen var Sivert Bakke. Det lét seg ikkje byggje skikkeleg ferjekai i Utne, der ferja burde anløpt. Etter ei tid fekk Utne likevel ein provisorisk ferjelem, og «Folgefonn» fekk montert sideportar. Då vegen Ålvik-Kvandal stod ferdig, vart ferjesambandet nedkorta til Kvandal-Kinsarvik.

Då tyskarane invaderte Noreg den 9. april 1940 låg «Folgefonn» i Bergen til årleg oppussing. Ho gjekk deretter attende til ruta. Under kampane i Hardanger i 1940 låg ho i Eidfjord, men fekk gå i fred i ruta resten av krigen ført av kaptein Arnfinn Utne. Tyske styresmakter ville fleire gonger rekvirere «Folgefonn» sidan ferja ville vere særs praktisk til føring av troppar og rullande materiell. Men fordi ferja var eit naudsynt ledd i hovudvegen mellom Austlandet og Vestlandet, lukkast det HSD å få hjelp av Vegvesenet til å unngå rekvisisjon, sjølv om det var nære på fleire gonger, -særleg i 1945. I 1941 prøvde tyskarane til dømes å presse HSD til å avstå DS «Tyssedal» ved å nekte reiarlaget drivstoff til «Folgefonn» og ta denne i staden. Dette løyste seg ved at HSD fann ein kjøpar til «Tyssedal» og selde denne.

I 1953 vart ferja avløyst i ruta av den nybygde ferja «Hardangerfjord». Ho vart sett inn i ferjeruta Brimnes-Ulvik i Hardanger, der ho avløyste MK «Kinsarvik». Men ferja avløyste og supplerte òg «Hardangerfjord» ved behov. I juni 1957 vart ho sett inn i ferjerute i Sunnhordland, der ho avløyste den bilførende lokalrutebåten «Halsnøy». Seinare vart ho nytta i ei rekkje ferjesamband for HSD etterkvart som desse vart aktuelle. I 1964 fekk ho ny og kraftigare motor.

Ferja vart teke ut av fart i 1979. Ho var i god stand, men var vorte ein flaskehals fordi ho ikkje tolde høgt nok akseltrykk, hadde for låg gjennomkøyringshøgd og hadde maskinhuset i vegen midt på bildekket. Spurnader om bevaring vart teke opp sidan ferja hadde stor kulturhistorisk verd. Dette fekk di verre inga tilslutning.

Etterhistorie[endre | endre wikiteksten]

Ferja vart i april 1979 selt til Dixon Travel Ltd. i Merseyside ved Liverpool i England. Ho var tenkt ombygd til turistskip for bruk i Egearhavet, men dette vart ikkje noko av. Kring 1980 vart ho teke i bruk som klubbhus for Erith Yacht Club i Kent i England.

I mai 2010 vart ho kjøpt av Hardanger Fartøyvernsenter, for å bli frakta attende til Noreg. 4. juni 2010 kom ho til Høylandsbygd ombord på MS «Eide Trader». I juni 2010 vart ho slept til Dåfjorden Slipp i Fitjar i Hordaland. 25. april 2011 vart ho slept til Norheimsund der ho skal brukast som museumsskip ved Hardanger Fartøyvernsenter og 15. mai 2011 vart ho freda av Riksantikvaren. Fergar er i 2020 under restaurering ved Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter i Kristiansand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]