MF «Fusa» (1969)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fusa(1969).jpg
MF «Fusa» i rute Hatvik-Fusa på 1970-tallet. Foto: Harald Sætre
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Fusa»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Haugesunds Slip i Haugesund
Verftsnummer: 12
Sjøsett: 1969
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LHGZ
IMO-nummer: 6924246
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 396 bruttotonnregister, 143 nrt
Lengd: 160,8 fot (49,0 m)
Breidd: 34,8 fot (10,6 m)
Djupgang: 11,8 fot (3,6 m)
Installert effekt : 750 bhk
Framdrift: 5cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk)
Bilar: 40 køyretøy
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Hjelmeland»
Eigar: Det Stavangerske Dampskibsselskab
Sett i teneste: 1987
Heimehamn: Stavanger
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Sand»
Eigar: Rogaland Trafikkselskap
Sett i teneste: 1991
Heimehamn: Stavanger
Generelle mål etter ommåling i 1997
Tonnasje: 551 bruttotonnregister, 187 nrt
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Ropeid»
Eigar: 2003: Stavangerske
2007: Nor-Ferjer (Tide ASA)
2008: Tide Sjø
2011: Norled
Sett i teneste: 2003
Heimehamn: Stavanger

MF «Fusa», i dag MF «Ropeid» er ei bilferje levert frå Haugesunds Slip i Haugesund 10. juli 1969 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD). Ferja gjekk inn i ruta Hatvik-Venjaneset i Fusafjorden. Ferja er i dag reserverferje for Norled i Levanger.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I mars 1987 vart ho seld til Det Stavangerske Dampskibsselskab og omdøypt «Hjelmeland». Her gjekk ho i ruta Tøtlandsvik-Vindsvik og Ombo-Nesvik-Hjelmeland. Frå 1990 til 1992 gjekk ho i ruta Sande-Nesvik.

I desember 1991 vart ho overført til Rogaland Trafikkselskap og i desember 1992 fekk ho namnet «Sand». Frå 1993 til 2004 gjekk ho i ruta Sand-Ropeid. I 1994 vart overbygget heva og sertifikatet endra. Ho kunne då ta 237 passasjerar.

28. oktober 2000 vart ein mann stukken med kniv og drept om bord. Begge var asylsøkjarar frå mottaket på Sand.

I januar 2003 vart ho overført til Stavangerske. I april 2004 vart kapasiteten endra frå 40 til 30 bilar og i 2005 vart passasjerkapasiteten endra til 141. I juli 2006 fekk ferja namnet «Ropeid». 22. oktober 2007 vart ho overført til Nor-Ferjer AS (Tide ASA) og 1. januar 2008 til Tide Sjø, og sidan desember 2011 for Norled. Ferja er framleis i drift.

Ferjeruter[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]