MF «Gjemnes» (1949)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Gjemnes»
Eigar: Møre og Romsdal Fylkesbåtar
Rute: Kristiansund - Gjemnes
Verft: A/S Stord i Stord kommune
Verftsnummer: 7
Sjøsett: 28. juni 1949
Døypt: av fru Bull-Andersen
Teke ut av teneste: 1978
Kjennemerke: LEWV
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 184 brt
Lengd: 34,58 m
Breidd: 7,93 m
Djupgang: 3,35 m
Installert effekt : 450 hk
Framdrift: Totakts dieselmotor frå Crossley
Fart: 12 knop
Passasjerar: 330 passasjerar
Bilar: 14 køyretøy
Generelle mål etter ombygging 1972
Installert effekt : 460
Framdrift: 4-taktars, 4-sylindra dieselmotor
Heinr. Callesen A/S, Aabenraa
Fart: 11 knop
Passasjerar: 150 passasjerar
Bilar: 18 køyretøy
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Lofotferje I»
Eigar: Lofoten Trafikklag
Sett i teneste: 1978-1982
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Edøy»
Eigar: Møre og Romsdal Fylkesbåter
Fjord1
Rute: Molde-Sekken
Sett i teneste: 1982-2008
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Edøy»
Eigar: Leknes Sjøtransport
Overdratt: 2007
Heimehamn: Haugesund
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Nordive I»
Eigar: Nordive A/S
Overdratt: 2009
Heimehamn: Kvalsund
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Sjøservice I»
Eigar: Holmgrens Sjøservice
Overdratt: 2011
Heimehamn: Kvalsund
Lagnad: framleis i drift

MF «Gjemnes», seinare MF «Edøy», er ei bilferje som vart levert for Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF). Ferja vart bygt ved A/S Stord i 1949. Ho gjekk i rute frå Kristiansund til Gjemnes fram til 1978, då ho vart seld til Lofoten Trafikklag som «Lofotferje I». I 1982 kjøpte MRF ferja attende og kalla ho MF «Edøy». Ho vart då sett inn i ruta Molde-Sekken, ei rute ho gjekk i heilt til 2008. Ferja er i dag ombygd til arbeidsfartøy og er i drift i Finnmark som «Sjøservice I».

I 1995 vart ferja nytta i TV-serien Julefergå.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ho vart sjøsett 28. juni 1949 og døypt av fru Bull-Andersen. Båten vart klassifisert av Det Norske Veritas og vart bygt med forsterka skrog som gjorde at ho kunne skjere gjennom tynn is. Ferja vart levert frå A/S Stord i november 1949.

«Gjemnes» vart sett inn i ruta Kristiansund-Gjemnes og tok over etter den gamle ferja MF «Trygg». Ferja var moderne for si tid, men fri høgd for gjennomkøyring viste seg etter kvart å vere for liten. Ferja kunne ta 330 passasjerar og 14 bilar. I 1972 vart overbygget demontert og ho fekk nytt overbygg på babord side. Bildekket vart òg forsterka og det vart montert hydrauliske fallemmar, i tillegg til at skansekledinga vart fornya. Samstundes fekk ferja ny motor. Ferja kunne no ta 18 bilar, men passasjertalet vart minka til 150. Ferja heldt fram i same ruta til 1978.

I 1978 vart ho kjøpt av Lofoten Trafikklag i Svolvær og ho fekk namnet «Lofotferje II». Alt i 1981 kjøpte MRF ferja attende og ho fekk no namnet «Edøy» og sett inn i ruta Molde-Sekken. I 1997 vart det utført ein del moderniseringsarbeid med mellom anna ny salonginnreiing. I 1990-åra vart ferja nytta i TV-serien Julefergå, som gjekk i adventstida fram mot jul.

Ferja var lenge det eldste fartøyet i drift for MRF, og var framleis i flåten då MRF vart ein del av Fjord1. I 2007 var det slutt og i desember 2007 vart ho selt som arbeidsfartøy til Leknes Sjøtransport i Haugesund og i 2008 vart ho ombygd. Fram til mai 2009 låg ho i opplag i Haugesund før ho vart seld til Nordive AS i Kvalsund/Hammerfest i Finnmark. Dei gav ho namnet «Nordive I». I desember 2011 vart båten seld vidare til Holmgrens Sjøservice i Kvalsund/Hammerfest og vart omdøypt «Sjøservice I». Båten er framleis i drift.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]