MF «Hardangerfjord»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hardangerfjord(1953).jpg
MF «Hardangerfjord», her som MF «Vøringen», ved Utåker ferjekai 1975. Foto: Harald Sætre.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Hardangerfjord»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Bergens mek. Verksteder i Bergen
Verftsnummer: 404
Sjøsett: Juni 1953
Teke ut av teneste: 1983
Omdøypt: 1959: MF «Vøringen»
1983: MF «Vøringen I»
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LLXQ
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 236 bruttotonnregister, 81 nrt
Lengd: 127.4 fot (38.8 m)
Breidd: 29.6 fot (9.0 m)
Djupgang: 10.0 fot (3.0 m)
Installert effekt : 400 bhk
Framdrift: 8cyl. 2T EV DM (Normo i Bergen)
Fart: 12 kt
Passasjerar: 300 passasjerar
Bilar: 30 køyretøy
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Generelle mål Ny motor i 1969
Type: Bilferje
Installert effekt : 750 bhk
Framdrift: 5cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk, Rubbestadneset)
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Bergshorn»
Eigar: Birger Larsen, Steinsland i Bergen
Sett i teneste: 1983
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Bergshorn»
Eigar: Elcon Finans A/S, Oslo/Bergen
Sett i teneste: 1983
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Bergshorn»
Eigar: Bisi A/S, Steinsland
Sett i teneste: Juni 1984
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Bergsjø»
Eigar: A/S Mini Cruise, Fyllingsdalen
Sett i teneste: Mars 1991
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Denmark.svg Danmark
Namn: MF «Bergsjø»
Eigar: Ukjend
Sett i teneste: Mai 1994
Heimehamn: Tuborg Havn
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Gamle Hardangerfjord»
Eigar: Johan Brigtsen
Heimehamn: Dimmelsvik
Lagnad: I opplag sidan 2009

MF «Hardangerfjord», og frå 1959 seinare MF «Vøringen», var ei bilferje bygd i 1953 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. Ho gjekk i rute for HSD fram til 1983. Ferja kunne ta 30 bilar og 300 passsjerar. I dag ligg ferja i Kvinnherad og har namnet «Gamle Hardangerfjord».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ferja vart sett inn i ruta Kvanndal-Utne-Kinsarvik, der ho gjekk fram til 1961, og igjen i 1973. I slutten av 1960-åra gjekk ho i ruta Hatvik-Fusa, og frå 1971 til 1973 i ruta Gjermundshamn-Varaldsøy-Løfallstrand. Dei siste åra for HSD var ho reserveferje.

Ferja vart selt i 1983 og fekk nytt namn, «Bergshorn», og hadde fleire eigarar dei neste åra. I 1991 vart ho omdøypt «Bergsjø», og i 1994 vart ho seld til Danmark, der ho låg i opplag. Fram til juli 2009 låg ferja i København, der det vart nytta som kontorlokale.

I 2009 vart ferja kjøpt av nokre nordmenn og frakta for eigen maskin til Sunnhordland i juli. Sidan oktober 2009 har ferja lagt i Dimmelsvik i Kvinnherad, men maskinen er per februar 2014 ut av drift.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]