MF «Hardingen» (1966)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
MF Hardingen Kaupanger (205219).jpg
M/F «Hardingen» i Kaupanger i 2016
Foto: Tore Sætre
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Hardingen»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Ankerløkken Verft i Florø
Verftsnummer: 69
Sjøsett: 1966
Teke ut av teneste: 1991
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LGED
IMO-nummer: 6616526
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 632 bruttotonnregister, 271 nrt
Lengd: 170,8 fot (52,1 m)
Breidd: 37,0 fot (11,3 m)
Djupgang: 8,0 fot (2,4 m)
Installert effekt : 1200 bhk
Framdrift: 2x 4cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk)
Fart: 12
Passasjerar: 399 passasjerar
Bilar: 45 køyretøy
Karriere Flag of Italy.svg Italia
Namn: MF «Erik P.»
Eigar: 1991: S. & Z. S.r.l.
1994: TR.I.S. (Traghetti Isole Sarde S.r.l.)
2003: EneRamaR Transport S.r.l.
2005: Delcomar SAS
Heimehamn: 1991: Napoli
2003: Genova
2005: Cagliari
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Hardingen sr.»
Eigar: 2016: Fjord2 Fjord Cruises, Noreg
Status: Går i turistrute i indre Sogn

MF «Hardingen», seinare «Erik P.» og no «Hardingen sr.» er ei bilferje levert frå Ankerløkken Verft i Florø i mai 1966 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD). Ho gjekk i ruta Kinsarvik-Utne-Kvanndal frå 1966 til 1973. Frå 1977 til slutten av 1980-åra gjekk ho i ruta Halhjem-Våge-Bruntveit og dei siste åra, frå kring 1989 til 1991 i ruta Flatråker-Jektavik-Nord-Huglo.

Ferja vart i 1991 selt til Italia og frå 1992 til 2003 gjekk ho i rute mellom Palau og La Maddalena. Frå 2003 og framover gjekk ho i rute mellom Calasetta og CarloforteIsola di San Pietro ved Sardinia.

I 2016 vart «Hardingen» kjøpt av eit norsk reiarlag og ført tilbake til Noreg. Ferja vart ikledd dei orginale HSD-fargane og sett inn i turistrute i indre Sognefjorden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]