MF «Kinsarvik»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kinsarvik(1963).jpg
Foto: Harald Sætre.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Kinsarvik»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Brødrene Lothe A/S Flytedokken i Haugesund
Verftsnummer: 20
Sjøsett: 1963
Teke ut av teneste: 1988
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LACI
IMO-nummer: 8330798
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 343 bruttotonnregister, 129 nrt
Lengd: 139,1 fot (42,4 m)
Breidd: 30,9 fot (9,4 m)
Djupgang: 7,9 fot (2,4 m)
Installert effekt : 750 bhk
Framdrift: 2x 3cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk)
Fart: 12
Passasjerar: 350 passasjerar
Bilar: 27 køyretøy
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Vikingfjord»
Eigar: Simon Møkster
Sett i teneste: April 1988
Heimehamn: Stavanger
Karriere Flag of Panama.svg Panama
Namn: MF «Dona Elvira»
Eigar: Smeaton International Corp./Carmicargo Iberica
Heimehamn: Panama/Madrid

MF «Kinsarvik» er ei bilferje levert frå Brødrene Lothe i Haugesund i mai 1963 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD). Ho gjekk i ruta Kinsarvik-Utne-Kvanndal fram til 1968.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I april 1988 vart ferja selt til Simon Møkster i Stavanger og omdøypt «Vikingfjord». I november same året vart ho seld til Spania og Smeaton International Corp. som var registrert i Panama og fekk namnet «Dona Elvira». I juni 2008 vart ho overført til Carmicargo Iberica i Madrid/Panama og var framleis i fart i 2011.

3. mai 2004 segla ferja ut frå Lagos i Nigeria med 340 liberiske flyktningar, som kvar hadde betalt 150 dollar for å kome heim att til Liberia etter at regimet til den tidlegare presidenten Charles Taylor kollapsa.[1]. Skipet drev 210 kilometer[2] 40 km utanfor kysten av Elfenbeinskysten havarerte båten og dreiv 210 km ut i Atlanterhavet før det vart slept til hamn i Abidjan i Elfenbeinskysten av det franske militærfartøyet «Le Henaff».[3] Turen som skulle ta tre dagar hadde då tatt tre veker og forholda for passasjerane ombord skal ha vore særs ille.[4] Den vidare lagnaden til skipet er ukjend.[5].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]