MF «Melderskin» (1963)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melderskin(1963).jpg
Foto: Harald Sætre.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Melderskin»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Ankerløkken Verft i Førde
Verftsnummer: 46
Sjøsett: 1963
Teke ut av teneste: 1995
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LAQY
IMO-nummer: 8874548
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 232 bruttotonnregister, 87 nrt
Lengd: 115,2 fot (35,1 m)
Breidd: 28,2 fot (8,6 m)
Djupgang: 8,0 fot (2,4 m)
Installert effekt : 400 bhk
Framdrift: 4cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk)
Fart: 10
Passasjerar: 260 passasjerar
Bilar: 22 køyretøy
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Fergekroen»
Eigar: 1995: Skarpsno Driftsselskap/Fergekroen Restaurantdrift
1997: Schrøder Restaurant AS
Sett i teneste: Mars 1995
Heimehamn: Oslo
Generelle mål etter ombygging i 1996
Type: Restaurantskip
Tonnasje: 346 bruttotonnregister, 124 nrt
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Lystbåten»
Eigar: Lysthuset AS
Sett i teneste: August 2000
Heimehamn: Moss
Status: Framleis i bruk i 2011

MF «Melderskin» er ei bilferje levert frå Ankerløkken Verft i Florø i juni 1963 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Melderskin» hadde plass til 22 personbilar. På overbyggingsdekket, bak brua, var det ein utsiktssalong med sitteplass til 38 passasjerar, og eit stort soldekk. Under bildekket var òg ein salong, med sitteplass til 56 passasjerar. Salongen nede hadde kjøkken og serveringskiosk med kjøle og smørbrøddisk. Alle offisers- og mannskapslugarane var forut, under bildekket, totalt 7 einmannslugarar, ein tomannslugar og dusj. På bildekket var det billettkontor, postkontor og tre toalett.

Ferjeruter[endre | endre wikiteksten]

Ho vart òg nytta mykje som reserveferje i diverse ruter.

Seinare fart[endre | endre wikiteksten]

I mars 1995 vart ho seld til Fergekroen AS (Skarpsno Driftsselskap AS, Oslo), Bergen og fekk namnet «Fergekroen». Ho vart ombygd året etter til eit restaurantskip. I september 1997 vart ferja seld til Schrøder Restaurant i Oslo. Frå 1996 til 2000 låg restaurantskipet ved Aker Brygge i Oslo. I august 2000 til Lysthuset i Moss og namnet vart endra til «Lystbåten». Ferja vart vidare seld til Kanalen Restaurantdrift i Moss i juni 2003. 26. oktober 2008 sokk ferja i hamna i Moss.[1] Båten vart heva i februar 2009.[2] I 2009-2010 låg ferja i opplag i Moss, men vart i mars 2009 kjøpt av Rygge Vaaler Sparebank 1 Moss. I september 2010 vart den gamle ferja slept til Horten, og vart sidan observert ved Drammen Slipp i Drammen for opphogging. Hausten 2014 sokk ferja ved kai i Drammen. Ferja hadde vore lekk og pumper vart nytta til å pumpe ut vatn, men under eit straumbrot tok ferja inn for mykje vatn.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rask avklaring om Lystbåten». Moss Avis. 27.10.08. Henta 2. mai 2014.  Sjekk datoverdiar i |dato= (hjelp)
  2. «Lystbåten heves i dag». Moss Avis. 26.02.2008. Henta 2. mai 2014. 
  3. Ola Valaker (16. oktober 2014). «Husker du denne fergen? Nå ligger den på 23 meters dyp». Bergens Tidene.  Teksten « vitja 17. oktober 2014» er ignorert (hjelp)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]