MF «Melderskin» (1985)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melderskin(1996).jpg
MF «Melderskin» i rute Halhjem-Sandvikvåg 1997.
Foto: Harald Sætre
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Herdla»
Eigar: Rutelaget Askøy-Bergen
Verft: Mjellem & Karlsen i Bergen
Verftsnummer: 135
Sjøsett: 1985
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JWLG
IMO-nummer: 8412261
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 1974 bruttotonnregister, 587 nrt
Lengd: 89,87 m
Breidd: 13,91 m
Djupgang: 3,83 m
Installert effekt : 2830 bhk
Framdrift: 8 cyl. 2T DM (Wichmann Motorfabrikk, Rubbestadneset)
Fart: 15 knop
Passasjerar: 299 passasjerar
Bilar: 112 køyretøy
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Nordfjord»
Eigar: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane
Kjøpt: Januar 1993
Heimehamn: Florø/Måløy
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Melderskin»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipselskap
Kjøpt: Januar 1996
Heimehamn: Bergen

MF «Herdla», seinare «Nordfjord» og «Melderskin», er ei bilferje levert frå Mjellem & Karlsen i Bergen i mai 1985 til Rutelaget Askøy-Bergen. Ferja gjekk inn i ruta Kleppestø-Bergen mellom Askøy og Bergen, i tillegg til at ho vart brukt som nattferje Bergen-Mekjarvik i Stavanger. Då Askøybrua vart brukt og sambandet vart nedlagt, gjekk ferja i 1992-1993 som reserveferje for Kystveien Bergen-Stavanger.

I januar 1993 vart ferja selt til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og omdøypt MF «Nordfjord». I 1993 og 1994 gjekk ho i rute Knarvik-Steinestø, innleigd av for Bergen Nordhordland Rutelag. I januar 1996 vart ferja kjøp inn av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) og gjeve namnet «Melderskin». Ho gjekk då mellom anna nokre år i ruta Halhjem-Sandvikvåg og seinare Våge-Halhjem.

Melderskin ved kai i Brimnes i 2009.

I november 2014 var ferja framleis i fart.

MF «Melderskin» går ut av sambandet ved nyåret 2020 for å vike for Fjord1, som overtek rutesamandet.[treng kjelde]

Ferjesamband[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]