MF «Samband»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Samband(1967).jpg
M/F «Samband» ved Sandvikvåg ferjekai i Fitjar kommune. Foto: Harald Sætre
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Samband»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Haugesunds Slip i Haugesund
Verftsnummer: 9
Sjøsett: 1968
Teke ut av teneste: 1997
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LMAN
IMO-nummer: 6715334
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 192 bruttotonnregister, 72 nrt
Lengd: 31,10 m
Breidd: 9,50 m
Djupgang: 3,50 m
Installert effekt : 400 bhk
Framdrift: 4cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk)
Bilar: 20 køyretøy
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Samba»
Eigar: Samba AS
Sett i teneste: 1998
Heimehamn: Lepsøy/Bergen
Generelle mål etter ommåling i 1994
Tonnasje: 285 bruttotonnregister, 92 nrt

MF «Samband» var ei bilferje levert frå Haugesund Slip i Haugesund den 12. juli 1967 til Skips-A/S Samband i Haugesund, men alt i juni 1968 vart ho overteken av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).

Ferja gjekk inn i ruta Langevåg-Buavåg-Mosterhamn-Valevåg, der ho gjekk fram til 1997.

I november 1997 vart ferja seld til Samba AS på Lepsøy i Os kommune og i mars 1998 fekk ho namnet «Samba». Fartøyet er framleis i drift.

I juni 2005 gjekk ho gjennom ei større ombygging. Overbygget vart fjerna og styrhuset vart sett på styrbord side. Sidan 2006 har ho fungert som transportskip. Vinteren 2010/2011 fekk ho nytt styrhus, ny kran og ny motor, ein Caterpillar dieselmotor. Den gamle Wichmann-motoren vart overteken av Hardanger Fartøyvernsenter for den gamle ferja MF «Folgefonn».

Ferjeruter[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]