Marinens Flyvebaatfabrikk MF 9

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå MF 9)
M.F.9 Høverjager F.126

Marinens Flyvebaatfabrikk M.F.9 Høverjager, og kjend som Høver M.F.9, var eit norskprodusert sjøfly produsert av Marinens Flyvebaatfabrikk i 1920-åra

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg på 1920-talet såg Marinens Flyvevesen etter fly som kunne erstatte det britiske sjøflyet Sopwith Baby og kontakta utanlandske flyprodusentar for bod på sjøfly bygde under lisens. Fokker og Nieuport Astra, men kostnadane frå begge vart funnen for store. Då tala Johann E. Høver som var direktør ved Marinens Flyvebaatfabrikk i Horten for å byggje ein framtidig jagar hjå fabrikken hans. Han hevda han kunne byggje 4 jagarar med 300 hestekreftars Hispano-Suiza motorar for ein kostnad på 220,000 kroner. Det var halvparten av det dei utanlandske bodmakarane tilbaud. Forsvarsdepartementet godkjende prosjektet den 8. mars 1924. Prosjektet vart så overlevert ved Den permanente Flyvekommisjon, som handsama saka den 1. mai 1924. Deretter byrja produksjonen av prototypen F.120 i august same året.

Den 4. juni 1925 flaug F.120 for første gong og fullføyrde 4 turar med gode resultat. Testane fortsette den neste dagen med fart og høgdetestar, før testoffiser Lützow-Holm vart beordra til Svalbard, for å leite etter polfararen Roald Amundsen. prototypen, F.120 vart nytta som mål under ein luftverndemonstrasjon den 13. september 1925, før den kom i aktiv teneste sommaren 1926. Dei tre ande jagarane var lettare modifiserte, og fekk designasjonen M.F.9B (F.122, F.124 og F.126).

I juli og august 1928 vart ein ny serie med fire MF 9(F.128, F.130, F.132 og F.134) levert frå fabrikken i Horten. Sjølv om MF 9 vart nytta ved dei årlege sommarøvingane, var det berre dei beste pilotane som fekk fly jagaren. Alle former for akrobatikk var bannlyst. Den 27. august 1929 gjekk den første Høvikjagaren tapt, då F.120 kræsjlanda. Eit erstattningsfly vart ferdig i juni, året etter. Frå Hausten 1929 til våren 1931 vart det leita etter betre motorar ein kunne ha i reserve, i tilfelle krig. Likevell fortsette problema med at fly kom i ukontrollerte spins og eit nytt fly gjekk tapt den 25. juli 1930. Pilotane si tiltru til flyet var no lang nede som skreiv brev til forsvarsdepartementet. Kritikken stogga bygginga av fem nye MF 9 som var under konstruksjon (F.136, F.138, F.140 og erstatningsflya F.130 and F.132) og F.142 som var nesten ferdigbygd. Dette flyet og nybygga MF 9c hadde skrog av stål istaden for tre. Ei undersøkingskommisjon kom fram til at denne modifiseringa ikkje var nok til at flyet kunne nyttast som treningsfly og anbefalte difor at flyet vart teken ut av teneste. DDirektør Høvik var imot, men vann ikkje fram med sitt syn om at endringane kunne redde flytypen. Høvikjagaren vart difor sett i reserve den 17. juli 1932. Dokumentet som vart levert forsvarsdepartementet vart for øvrig signert av dåverande forsvarsminister Vidkun Quisling.

Grunnen til at MF 9 vart sett i reserve og ikkje skrapa det same, var at Sopwith Baby jagarane vart skrapa kort tid tidlegare. Ein trong difor MF 9 i reservestyrken. Dei fleste flya vart skrapa i midten av 1930-åra, dei fire siste i mai 1939. Den siste operasjonelle MF. 9 var F.142som vart nytta fram til 1937 før den stod lagra fram til 1939. Det var då planar om å bevare flyet som museumsgjenstand. Den endelege skjebnen til F.142 er ikkje kjend, men ein trur at flyet vart brent av tyskarane, under okkupasjonen av Noreg i 1940. MF 9 vart aldri erstatta av Marinens Flyvevesen, ettersom ein istaden skifta fokus mot rekogniserings- og torpedofly.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hafsten, Bjørn (2003). Marinens Flygevåpen 1912-1944. Oslo: TankeStreken AS. s. 91–98, 226–227.  ISBN 82-993535-1-3