MF «Fusa» (1949)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå MF Fusa (1949))
Hopp til navigering Hopp til søk
MF «Fusa» ved Fusa i 1950.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Fusa»
Eigar: Det Midthordlandske Dampskibsselskab
Verft: Skaalurens Skibsbyggeri i Rosendal
Verftsnummer: 172
Sjøsett: Juli 1949
Teke ut av teneste: 1962
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LFYA
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 99 bruttotonnregister, 33 nrt
Lengd: 68,6 fot (20,9 m)
Breidd: 24,0 fot (7,3 m)
Djupgang: 10,1 fot (3,1 m)
Installert effekt : 180 bhk
Framdrift: 3cyl. Semi-DM (June-Munktell)
Fart: 8 knop
Passasjerar: 85 passasjerar
Bilar: 10-12 køyretøy
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Fusa»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Sett i teneste: Januar 1962
Teke ut av teneste: 1974
Omdøypt: 1969: MF «Hatvik»
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Nårasund»
Eigar: Rolf Jostein Trovåg
Sett i teneste: 1974
Omdøypt: 1979: «Nåra»
Heimehamn: Nåra/Bergen
Status: 2011 framleis i norsk skipsregister

M/F «Fusa», seinare MF «Hatvik», var ei bilferje levert for Det Midthordlandske Dampskibsselskab i juli 1949.

Ferja vart bygt ved Skaalurens Skibsbyggeri i Rosendal. Ferja gjekk inn i ruta Hatvik-Venjaneset fram til 1956, og frå 1956 til 1962 gjekk ho i sambandet Mundheim-Løfallstrand. I januar 1962 vart ferja seld til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap og gjekk attende til ruta Hatvik-Venjaneset. I 1969 vart ho omdøypt MF «Hatvik». Ferja gjekk i rute til 1974. Ho gjekk òg stundom i ruta Skånevik-Utåker-Matre. Somrane 1972 og 1973 vart ferja nytta i ruta Jondal-Tørvikbygd.

I mai 1974 vart ho seld til Rolf Jostein Trovåg og fekk namnet «Nårasund». Ho gjekk då i rute Daløy-Nåra fram til 1979, då ho fekk namnet «Nåra».

Kva som skjedde vidare med ferja er usikkert. Ho skal ha søkkt i 1980-åra, men er i mai 2011 framleis registrert i norsk skipsregister.

Ferjesamband[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]