MIL 03346

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

MIL 03346 er ein meteoritt frå Mars som vart funnen i 2003 i Miller Range i Antarktis, om lag 750 km frå Sørpolen, av ei gruppe amerikanarar. Steinen veg 715 gram og høyrer til gruppa nakhlittar. Denne gruppa meteorittar kjem frå lavastraumar som størkna på Mars for om lag 1,3 milliardar år sidan.

Etter MIL 03346 er det funne tre andre nakhlittar, MIL 090030, MIL 090032 og MIL 090136, i det same området. Dei har liknande kjemisk samansetjing og kan vera stamma frå det same nedslaget.[1]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Udry, Arya (2012). «Paired nakhlites MIL 090030, 090032, 090136, and 03346: Insights into the Miller Range parent meteorite». Meteoritics & Planetary Science 47 (10): 1575–1589. Bibcode:2012M&PS..tmp..211U. doi:10.1111/j.1945-5100.2012.01420.x. 

«MIL_03346» av Inger Lise A. Delphi i Store norske leksikon, snl.no.