MK «Haugland»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karriere  Noreg
Namn: MK «Haugland»
Eigar: HSD
Verft: Ottesens Skipsbyggeri i Sagvåg
Verftsnummer: 167
Sjøsett: 1929
Teke ut av teneste: 1946
Kjennemerke: LHNF/LGGC
Lagnad: Hogd opp 1980
Generelle mål
Type: Motorkutter
Tonnasje: 82 brt, 39 nrt
Lengd: 80,0 fot (24,4 m)
Breidd: 18,6 fot (5,7 m)
Djupgang: 8,8 fot (2,7 m)
Installert effekt : 80-120 bhk
Framdrift: 2syl 2tev Union 2E semidieselmotor

MK «Haugland I» var i perioden 1929-1940 ein lokalrutebåt som høyrte til Thomas Boge i Bogavik i Fusa, men i røynda finansiert av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap for å konkurrere ut ein sjenerande konkurrent i ruteområdet til selskapet. «Haugland I» var av fartøya som under dramatiske omstende frakta flyktningar over Nordsjøen under krigen. Då ho kom attende til Noreg etter krigen vart ho ikkje funne rekningvarande å sette i stand som rutebåt igjen og vart istaden seld og ombygd til fraktefartøy. Ho forsvann frå skipsregisteret i 1980.

MK «Haugland I»[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart kontrahert ved Ottesens Skipsbyggeri i SagvågStord av Hans H. Haugland, Herdla. Skipet vart levert i juni 1929 og Boge inngjekk ein hemmeleg avtale med Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap i Bergen. HSD tok det økonomiske ansvaret for «Haugland I», mot at Boge tok opp konkurransen med «Lønningdal I» som var ein brysam konkurrent for rutedrifta til HSD i Midthordland og Hardanger. I praksis vart «Haugland I» gåande hakk i hæl på «Lønningdal I» og tilbaud til ei kvar tid litt billigare billettar og frakter. Den hemmelige avtalen lak etter kvart ut og «Haugland I» vart kalla «lausonjen te HSD» på folkemunne. Då eigarane til «Lønningdal I» fekk levert den nye og større «Lønningdal II» i 1932, var slaget for «Haugland I» etter kvart tapt.

I 1935 vart «Haugland» sett i lokalrutefart for HSD i Hardanger.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 1940 vart «Haugland» sett inn i lokalruta Bergen-Bømlo ytre lei og kom der snart i kontakt med den illegale Englandsfarten. 27. november 1941 drog ho frå Kollavåg på Bremnes på Bømlo til Shetland med 40 flyktningar som ikkje hadde fått plass då skøyten «Blia» gjekk like i forvegen. Av dei 40 var 14 kvinner og fire barn. «Haugland I» kom snart ut i storm og fekk ei særs hard overfart. Stormen raste i halvtanna døgn. Fleire gonger kom sjøen ned i maskinrommet slik at maskinen stoppa, men mannskapet surra seg fast og fekk start kvar gong. «Blia» forliste i uveret og alle ombord omkom. Ut på ettermiddagen 29. november nådde skipet Lerwick på Shetland. «Haugland I» vart overteke av allierte styresmakter. Ei detaljert skildring av overfarten finst i boka Englandsfarten av Ragnar Ulstein. Kaptein Boge på skipet hadde kona si med seg. Ho venta barn og fødde det fjerde barnet deira i London, to veker seinare.

7. desember 1941 sokk skipet ved kai i Lerwick under eit uver. Skipet vart heva same månaden og ført til den norske slippen i Buckie i Skottland for reparasjon. I januar 1943 vart skipet rekvirert av The Royal Navy.

Fraktefartøy[endre | endre wikiteksten]

Våren 1946 kom «Haugland» attende til Noreg i nedsliten tilstand. HSD meinte det ville bli for dyrt å reparere og oppgradere skipet att og i 1946 vart det selt til Ragnvald Øvrebø i Naustdal og ombygd til fraktefartøy. Han selde vidare i 1952 til P/r ved Asmund Hofsø i Tromsø, registrert i Harstad og ho gjekk i i fraktfart.

I 1980 var skipet sletta frå norsk register som kondemnert, men det er ukjend kva lagnad ho fekk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]