MK «Kinsarvik»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

MK «Kinsarvik» ved kai i Ringøy i Eidfjord i 1932
Foto: Anders Beer Wilse
Karriere  Noreg
Namn: MK «Kinsarvik»
Eigar: HSD
Verft: Gravdal Skipsbyggeri i Sunde
Verftsnummer: 255
Sjøsett: 1930
Teke ut av teneste: 1959
Kjennemerke: LJDC/LGNQ
Generelle mål
Type: Motorkutter
Tonnasje: 91 brt, 44 nrt
Daudvekt: 90 tonn
Lengd: 77,4 fot (23,6 m)
Breidd: 20,0 fot (6,1 m)
Djupgang: 9,0 fot (2,7 m)
Installert effekt : 90 bHK
Framdrift: 2cyl. 2T Wichmann RM
Generelle mål etter ombygging i 1949
Tonnasje: 110 brt
50 nrt
Karriere  Noreg
Namn: MK «Langøysund»
Eigar: 1959: Olaus Langøen
1968: Gunnar & Atle Langøy
Heimehamn: Rongevær
Lagnad: Grunnstøtte i Alverstraumen 15. januar 1973.

MK «Kinsarvik» var ein motorkutter bygt i 1930 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap som bilførande lokalrutebåt. Ho vart typisk nytta i dei første utgåvene av ferjesamband i indre Hordaland fram til desse typisk vart overteke av spesialbygde bilferjer på femtitalet. «Kinsarvik» fekk i likskap med mange andre utrangerte lokalrutebåtar eit etterliv som fraktefartøy på kysten, og i «Kinsarvik» sitt tilfelle vart det ikkje trong for omfattande ombygging. Som fraktefartøyet «Langøysund» var ho i fart fram til ho vart kondemnert etter ein grunnstøyting i 1973.

MK «Kinsarvik»[endre | endre wikiteksten]

MK «Kinsarvik» i ferjeruta Norheimsund-Ringøy-Eidfjord i 1932. Foto: Anders Beer Wilse.

MK «Kinsarvik» vart levert i juni 1930 frå Gravdal Skibsbyggeri & Trelastforretning i Sunde i Sunnhordland som motorkutter og bilførande lokalrutebåt «Kinsarvik» kom til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap i Bergen og kunne frakte fem personbilar på tvers føre overbygget. Ho vart nytta i «ferjerute» Norheimsund-Ringøy-Eidfjord.

I 1933 vart ho sett inn i «ferjeruta» Kyrping-Fjøra i Åkrafjorden, og avløyste der innleidde «Jøsenfjord» i den bilførande lokalruta Utåker-Skånevik-Kyrping-Fjøra. Skipet vart ombygd i 1940.

2. november 1944 vart skipet rekvirert av Kriegsmarine og vart nytta under evakueringa av Finnmark. «Kinsarvik» hadde i tida ho var rekvirert fleire motorhavari og låg ein del på verkstad. 1. juni 1945 vart skipet levert attende med defekt maskin.

Skipet vart ombygd i 1949 og i 1951 vart ho sett i ferjeruta Ulvik-Brimnes. Sommaren 1953 vart ruta overteke av ferja «Folgefonn». I 1957 vart «Kinsarvik» sett inn i ferjeruta Ulvik-Brimnes att (etter at «Folgefonn» måtte flyttast til Sunnhordland). Dette var ikkje særleg populært blant dei reisande.

MK «Langøysund»[endre | endre wikiteksten]

«Kinsarvik» vart i 1959 selt til Olaus Langøen med fleire på Rongevær. Ho vert omdøypt «Langøysund» og ombygd til fraktefartøy. Skipet vart nytta i fraktfart. I 1968 vart ho selt til P/r Gunnar & Atle Langøy på Rongevær og nytta i fraktfart. 15. januar 1973 grunnstøytte skipet i Alverstraumen i ballast og fekk store skadar. Skipet vart aldri reparert og vart i 1975 sletta frå norsk skipsregister som kondemndert.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • «Kinsarvik» er brukt som skipsnamn på fleire skip i HSD. Andre skip med namn «Kinsarvik».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]