Mixed martial arts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå MMA-kampsport)
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Kampsporten MMA[1][2], frå det engelske namnet Mixed martial arts (MMA) er ein kampsport der ein nyttar spark, slag, kast og kamp på bakken

Kamp-arrangørar og dommarar, har ofte minst eit regelsett å forhalda seg til, t.d.

  • "Nevada Administrative Code, Chapter 467, Unarmed Combat": (Desse reglane håndhevast av Nevada State Athletic Commission når kampar går i Nevada.)
  • «Unified Rules of Mixed Martial Arts», for kampar i New Jersey og California

MMA er òg eit samleomgrep for kampsportar der ein nyttar spark, slag, kast og kamp på bakken. MMA er ikkje ein stilart, men ei konkurranseform der ein nyttar ulike stilartar og metodar for å vinna kampar, ofte med færrast mogleg reglar. Vanlegvis varer kampen fram til den eine deltakaren er slått ut (knock out) eller vert låst med låsegrep i ein smertefull eller farleg posisjon (submission hold) og gjev opp. Deltakarar i MMA-konkurransar trenar ofte ulike kampsportstilar for å trena på dei ulike fasane i ein kamp, til dømes kickboksing for ståande slosting og bryting eller brasiliansk jujutsu for kast og bakkekamp.

Nokre stilartar /kampsportsystem der ein nyttar både slag, spark og bryting:

  • Valetudo og NHB (No Holds Barred)
  • Shootfighting - ein mildare form for MMA, der slag/strikes ikkje er tillatne mens ein ligg på bakken
  • Pankration - det finst verdenscup og europameisterskap. Sporten har ikkje vore med i moderne olympiske leikar.[3]

Andre namn som nyttast for å referere til ein eller fleire MMA-stilarter:

  • Ultimate Fighting : Namnet kjem frå UFC-turneringane. «UFC» er ei forkorting for Ultimate Fighting Championships.
  • Cage-fighting har ein arena som har 8 hjørnestolper, med netting mellom. Denne type inngjerding er ikkje vanleg i Noreg. «Cage-fighting» (bur-slossing)er eit misvisande uttrykk, sidan det ikkje finst noko fysisk barriere som hindrar deltakarane i å hoppe over gjerdet.
  • Free-fighting - omgrepet er framleis noko nytta i Noreg, sjølv om MMA er blitt mindre fri. Til dømes er det innført regler om at hansker skal nyttast i kamp, og at hanskene skal ha polstring.

MMA i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Noreg har eit relativt strengt regelverk når det gjeld kampsportar som tillet knock-out. Det finst miljø som arrangerer konkurransar med MMA-liknande regelverk for amatørar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]