MMR-vaksine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

MMR-vaksinen er ein immuniserande vaksine mot kusma, meslingar og raude hundar. Namnet kjem av dei engelske namna på sjukdomane: Mumps, measles og rubella. Vaksinen vart først utvikla av Maurice Hilleman ved Merck på slutten av 1960-åra.[1]

Vaksinen består av ei blanding av tre levande, men svekka virus og vert gjeven i form av ei enkelt sprøyte. Internasjonalt er det ein svært utbreidd vaksine. I det norske barnevaksinasjonsprogrammet vert MMR-vaksinen gjeven når barn er 15 månader gamle og i 6. klasse. MMR-vaksinen har vore ein del av det norske barnevaksinasjonsprogrammet sidan 1983. MMR-vaksinen erstatta meslingevaksinen, som hadde vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet sidan 1969, og raude hundar-vaksinen som hadde vore med sidan 1978. [2]

Effekt[endre | endre wikiteksten]

Mengda tilfelle av raude hundar fall dramatisk i tida etter innføringa av vaksinen, tala er frå USA.

Meslinger, kusma og raude hundar er svært smittsame sjukdomar og før innføringa av vaksinen var det regelmessig små epidemiar, vanlegvis med 3–4 års mellomrom, og størstedelen av folkesetnaden fekk sjukdomane. Hele 97 % av dem som vart fødd før innføringa av vaksinen gjennomgjekk ein meslingeinfeksjon. Før innføringa av meslingevaksinen fekk 20 000–30 000 menneske i Noreg meslinger kvart år. Av desse fekk 20-30 hjernebetennelse (encefalitt) og 5-10 døydde.[3] Vaksinen har vore svært effektiv og dei siste åra har det berre vore nokre sporadiske tilfelle av meslinger, kusma og raude hundar i Noreg. I fattigare delar av verda er det enno mange som ikkje har tilgjenge på vaksinane, og ein reknar med at det i verda kvart år døyr drygt 100 000 barn under fem år av meslinger, spesielt blant underernærte barn og flyktningar.[4]

Biverknader og kontrovers[endre | endre wikiteksten]

Det er få alvorlege biverknader av MMR-vaksinen. Dei fleste opplever ein ømheit og svie på stikkstaden. Opp til 20 % opplever lett feber. Utslett og leddsmerter kan òg førekoma. Alvorlege biverknader i form av anafylaktiske allergiske reaksjonar kan finnast, men er svært sjeldne.

I 1998 publiserte den dåverande legen Andrew Wakefield ein artikkel i det vitskaplege tidsskriftet The Lancet om ein mogleg samanheng mellom MMR-vaksinen og autisme og inflammatorisk tarmsjukdom hos tolv pasientar.[5] Funna vekte internasjonal merksemd og førte til at mange foreldre ikkje ville la borna sine vaksinerast med MMR. Andre forskarar gjorde ei rekkje oppfølgende studium, men ingen viste nokon samanheng mellom vaksinen og autisme. I 2010 trekte The Lancet tilbake artikkelen og kalla han uærleg. Wakefield mista lege-lisensen sin i 2010,[6] og i 2011 meinte British Medical Journal å kunna dokumentera at Wakefield si studie i stor grad var rein svindel.[7] Det herskar i dag semje om at det ikkje finst nokon samanheng mellom autisme og MMR-vaksinen.[8]

Høgsterettsdom[endre | endre wikiteksten]

Noregs Høgsterett fann i dom av 12. november 2015 ein erstatningsrettsleg samanheng mellom MMR-vaksinen og multippel sklerose.[9] Symptom debuterte hjå ein pasient få dagar etter vaksinasjon. Tidlegare har Borgarting lagmannsrett funne ein tilsvarande samanheng mellom denne vaksinen og transvers myelitis, ein betennelse i ryggmargen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Offit PA (2007). Vaccinated: One Man's Quest to Defeat the World's Deadliest Diseases. Washington, DC: Smithsonian. ISBN 0-06-122796-X. 
  2. http://www.fhi.no/eway/default.aspx?pid=233&trg=MainLeft_6039&MainArea_5661=6039:0:15,4494:1:0:0:::0:0&MainLeft_6039=6041:69504::1:6043:5:::0:0 Arkivert 13. mars 2011 på Wayback Machine.
  3. Arkivert 13. april 2010 på Wayback Machine.
  4. «Uten vaksinering dør barn av meslinger». Tidsskrift for Den norske legeforening (6). 
  5. Andrew Wakefield; Murch S; Anthony A (1998). «Ileal-lymphoid-nodular hyperplasia, non-specific colitis, and pervasive developmental disorder in children». Lancet 351 (9103): 637–41. PMID 9500320. doi:10.1016/S0140-6736(97)11096-0. Henta 5. september 2007. 
  6. British Medical Council Bars Doctor Who Linked Vaccine With Autism 24.05.2015
  7. BMJ Wakefield’s article linking MMR vaccine and autism was fraudulent BMJ 2011;342:c7452
  8. V. Demicheli, T. Jefferson, A. Rivetti, D. Price (2005). «Vaccines for measles, mumps and rubella in children» (PDF). Cochrane Database of Systematic Reviews (engelsk) (4 utg.) (Artikkelnr. CD004407). 
  9. Høyesterett - Erstatning etter utvikling av MS-sykdom i forbindelse med MMR-vaksine