MS «Øygar»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Teisten.jpg
MS «Øygar» ved kai på Leirvik på Stord i 1986. Foto: Harald Sætre.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: HB «Øygar»
Eigar: Øygarden & Sotra Rutelag
Verft: Westermoen Hydrofoil i Mandal
Verftsnummer: 45
Sjøsett: 1975
Teke ut av teneste: 1986
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LANE
IMO-nummer: 7514476
Generelle mål
Type: Snøggbåt/Hydrofoilbåt
Tonnasje: 199 bruttotonnregister, 112 nrt
Lengd: 87,5 fot (26,67 m)
Breidd: 29,6 fot (9,02 m)
Djupgang: 8,6 fot (2,62 m)
Installert effekt : 2200 bhk
Framdrift: 2x 12cyl. 4T DM (MTU, Friedrichshafen)
Fart: 25 knop
Passasjerar: 140 passasjerar
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: HB «Teisten»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Teke ut av teneste: 1995
Kjøpt: September 1986
Heimehamn: Bergen
Generelle mål etter ommåling i juli 1994
Tonnasje: 185 bruttotonnregister, 65 nrt
Framdrift: 2x Cummins
Fart: 22 knop
Passasjerar: 150 passasjerar
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: «Starcruise»
Eigar: Fjordwing AS
Kjøpt: September 1995
Heimehamn: Strandebarm
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: 2007: «Losna»
Eigar: Tollesund AS
Kjøpt: Juli 2002
Heimehamn: Krakhella/Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: «Alba»
Eigar: Lofotferga AS
Kjøpt: 7. april 2008
Heimehamn: Svolvær
Generelle mål nytt passasjertal etter 2007
Passasjerar: 100 passasjerar

MS «Øygar», i dag «Alba», er ein westamaran levert frå Westermoen Hydrofoil i Mandal i september 1975 til Øygarden & Sotra Rutelag. Båten gjekk i ruta Bergen - Torstensvik - Rongesund.

I september 1986 vart båten innkjøpt av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) og omdøypt «Teisten» i august 1988. For HSD gjekk båten i ruta Bergen - Sunnhordland. I 1990 vart båten sett i Haugesundsruta mellom Haugesund og Stavanger. Båten var reservebåt frå 1992.

Båten vart i september 1995 selt til Fjordwing AS i Strandebarm og vart i januar 1996 omdøypt «Starcruise». Han gjekk då i sommarrute som turistfartøy i Sogn, mellom anna i Aurlandsfjorden, Nærøyfjorden og på Fjærland. Dette var delvis i privatregi og delvis i regi av Fylkesbaatane.

Han vart seld vidare til Tollesund AS i Krakhella i juli 2002 og vart 23. juli 2007 omdøypt «Losna». 4. april 2008 vart «Losna» selt til Lofotferga AS i Svolvær og fekk namnet «Alba». Frå juni 2010 vart båten brukt i sommarrute til Svartisen med hovudbase i Bodø. Turane gjekk i samarbeid med Hurtigruten ASA.

Per oktober 2014 er båten framleis i fart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]