MS «Alert» (1919)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Alert»
Eigar: Ukjend
Verft: Kragerø
Generelle mål
Type: Taubåt
Lengd: 52,8 fot (16,1 m)
Breidd: 14,3 fot (4,4 m)
Djupgang: 5,4 fot (1,6 m)
Installert effekt : BHK 70
Framdrift: Avance dampmaskin (Richardsons, Westgarth & Co, Middlesborough)
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Alert»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Kragerø
Kjøpt: 1924 for 20 000 kroner[1]
Heimehamn: Bergen

MS «Alert» var ein taubåt bygt i 1919 for ein privateigar i Stavern.[2]

I 1924 vart båten kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) som hadde det fram til 1957. Den vidare lagnaden er ukjend.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt i tre i Kragerø i 1919 for ein ukjend eigar.[3]

I november 1923 vart båten lagt ut for sal i eit dødsbo.[4]

I 1924 vart slepebåten kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab for 20 000 kroner, i tillegg til ein reparasjon på 14 545 kroner.[1]

20. april 1944 under eksplosjonen på Vågen låg «Alert» ved Søndre Tolbodkai. Kapteinen og maskinisten stod i døra då dei såg at det kom flammar opp frå Festningskaien. Maskinisten meinte det såg alvorleg ut og at dei burde kom seg i dekning. Dei var ikkje kome meir enn ti meter då eksplosjonen oppstod. Det vart heilt mørkt og det hagla med gjenstandar gjennom lufta. Dei høyrde så rop frå sjøen og fann dekksmannen som låg i sjøen og heldt seg til ein båt medan han blødde sterkt frå hovudet. Kapteinen fekk han seinare opp i ein motorbåt. Familien til kapteinen budde i nærleiken, så han ville gå og sjå etter dei. Då han seinare kom attende for å sjå etter «Alert», kom han ikkje fram på grunn av sperringane. Då han endeleg kom fram var «Alert» søkkt.[5]

Båten vart selt i 1957, men den vidare lagnaden er ukjend.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «M/S Alert». Sjøhistorie.no. Henta 22. mai 2020. 
  2. «Motor Slæpebaate». Norges Handels og Sjøfartstidende. 7. november 1922. s. 8. Henta 22. mai 2020. 
  3. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 44. Henta 22. mai 2020. 
  4. «Motorskip - Motorslepebaat». Norges Handels og Sjøfartstidende. 6. november 1924. s. 8. Henta 22. mai 2020. 
  5. «Bergenskes skip «Alert», «Titan» og «Tellus» under den store eksplosjon». Bergen: Bergens Tidende. 4. mai 1944. s. 2. Henta 22. mai 2020.