MS «Anne Line»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

M/S «Tjelden» til kai i Vågen i Bergen.
Foto: Harald Sætre
Karriere  Noreg
Namn: MS «Anne Line»
Eigar: Gods-Trans
Verft: A/S Fjellstrand i Omastrand
Verftsnummer: 1573
Sjøsett: 1986
Heimehamn: Hønefoss/Drammen
Kjennemerke: JXGS
IMO-nummer: 8603963
Generelle mål
Type: Snøggbåt/fraktefartøy
Tonnasje: 380 bruttotonnregister, 114 nrt
Daudvekt: 400 tonn
Lengd: 38,80 m
Breidd: 9,44 m
Djupgang: 1,64 m
Installert effekt : 3560 bhk
Framdrift: 2x 16cyl. 4T DM (MTU, Friedrichshafen)
Karriere  Noreg
Namn: MS «Tjelden»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Kjøpt: Februar 1991
Heimehamn: Bergen
Generelle mål etter ombygging
Type: Snøggbåt/passasjerfartøy
Tonnasje: 397 bruttotonnregister, 124 nrt
Passasjerar: 195 passasjerar
Karriere  Noreg
Namn: «Maan Dolphin»
Eigar: Maan Sjøfart AS
Kjøpt: 22. september 2008
Heimehamn: Andenes/Tromsø

MS «Anne Line», seinare «Tjelden», i dag «Maan Dolphin» er ein snøggbåt levert frå A/S Fjellstrand i Omastrand 7. juli 1986 til Gods-Trans i Hønefoss/Drammen. Båten var eit fraktefartøy som vart sett inn i kysttrafikk med frakt, i tillegg til turar mellom Noreg og Sentral-Europa. I april 1989 vart han leigd ut til Nor-Cargo Express og sett i rute mellom Ålesund og Storbritannia.

I 1990 vart han ombygd til passasjerfartøy og kunne ta 195 passasjerar. I februar 1991 vart båten innkjøpt av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) og omdøypt «Tjelden». Båten gjekk i ruta mellom Bergen og Sunnhordland. I mai og juni 1993 var han utleigd til Pilen AB i Malmø og gjekk i ruta mellom Malmø og København. Det same vart båten i juli og august 1996, juni-november 1998 og mars 1999.

Frå juni 1993 gjekk ho attende til ruta mellom Sunnhordland og Bergen, før ho i mai 1994 gjekk i ruta Stavanger-Leirvik. Frå april 1996 gjekk ho i Haugesundsruta, frå Haugesund til Stavanger, via Kopervik og Føresvik. Frå 2000 gjekk båten i ruta mellom Bergen og Stavanger. 13. september 2005 kolliderte båten med kaien i Mosterhamn, men ingen passasjerar kom til skade. Frå februar 2007 til juli 2008 vart båten utleigd til Stavangerske Lokal og gjekk i lokale ruter mellom Stavanger og omegn.

Båten vart ombygd ved Fjellstrand i april 2007 og i juli 2008 seld til Hvalsafari AS i Andenes og fekk namnet «Maan Dolphin». 22. september 2008 vart han overført til Maan Sjøfart. Hausten 2009 låg båten i opplag ved Toftøy, frå februar 2010 og frametter vart han utleigd til Tide Sjø og sidan Norled for ruta mellom Stavanger og Bergen, medan han om sommaren vart brukt til kvalsafari frå Andenes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]