MS «Aure»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Aure»
Eigar: Møre og Romsdal Fylkesbåtar
Rute: Kristiansund-Trondheim
Verft: A/S Stord i Stord kommune
Verftsnummer: 9
Sjøsett: 19. mai 1950
Døypt: av fru Steffensen
Sett i teneste: 1950
Teke ut av teneste: 1962
Kjennemerke: LAEB
Kallenamn: Nattbussen
Generelle mål
Type: Kystrutebåt
Tonnasje: 523,63 brt
Lengd: 49,12 m
Breidd: 7,65 m
Djupgang: 3,35 m
Installert effekt : 900 hk
Framdrift: Totakts, 6-syl. dieselmotor frå Crossley
Fart: 14 knop
Passasjerar: 300 passasjerar
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Trøndelag»
Eigar: Sør-Trøndelag fylke, sidan Staten
Sett i teneste: 1962-1989
Generelle mål etter ombygging i 1962-1966
Tonnasje: 557 BRT
Installert effekt : 1100 hk
Framdrift: 4-taktars, 8-sylindra dieselmotor
Atlas - Mak Maschinenbau, Kiel
Fart: 12 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Trøndelag»
Eigar: Sør-Trøndelag fylke, sidan Staten
Sett i teneste: 1962-1989
Heimehamn: Trondheim
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Vikingfjord»
Eigar: Simon Møkster
Sett i teneste: 1989-1996
Heimehamn: Stavanger
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Galtesund»
Eigar: Mørland og Karlsen
Sett i teneste: 1996-2003
Heimehamn: Arendal
Karriere Flag of Finland.svg Finland
Namn: MS «Mathilda»
MS «Mercator»

MS «Aure» er eit kombinert passasjer- og lasteskip (kystruteskip) som vart bygd på A/S Stord i 1950 for Møre og Romsdal Fylkesbåtar. Det kunne ta 350 passasjerar og store mengder gods.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart sjøsett 19. mai 1950 og vart døypt av fru Steffensen. Båten vart klassifisert av Det Norske Veritas med sertifikat for 300 passasjerar. Undervasskroget vart utforma av ingeniør Ing. Myrholdt og hadde ei særs gunstig form,[1] som vart patentert. Overbygget var laga i sjøvassbestandig aluminium.

Båten vart levert frå Stord i desember 1950 og sett inn i ruta mellom Kristiansund og Trondheim med 20 anløp under vegs med gods og passasjerar. Denne ruta vart kalla «Nattbussen», og Aure gjekk i denne ruta i 12 år. Sidan trafikkmønsteret endra seg med auka landtransport og bilferjer, gjekk «Aure» i opplag i januar 1962.

I mars 1962 vart «Aure» kjøpt av Sør-Trøndelag fylke for å nyttast som skuleskip for sjømannsskulen i Trondheim. I samband med overtakinga vart overbygget utvida til 557 BRT. I 1964 vart skipet kjøpt av staten ved Kyrkje- og Undervisningsdepartementet og fekk no namnet MS «Trøndelag». I 1966 fekk skipet ny motor og vart vidare ombygd og ominnreidd for å tene som instrumentfartøy og opplæring av sjøaspirantar i samarbeid med sjøaspirantskulen i Trondheim. Etter ombygginga var skipet 920 BRT.

I september 1974 vart skipet kjøpt av Simon Møkster i Stavanger og fekk då namnet MS «Vikingfjord». Det vart då brukt som losjiskip i samband med oljeverksemd. Det var etter dette omdøypt som treningsskip MS «Gann». Det vart dokksett på Skude Verft i juni 1992 etter å ha lagt i opplag på Steinsøy i lang tid. I 1996 vart det kjøpt av Mørland og Karlsen i Arendal og fekk no namnet MS «Galtesund». Dei nytta skipet til barnevernsarbeid for ungdom mellom 15 og 19 år der den teoretiske og praktiske undervisninga føregjekk ombord på skipet.

I 2004 vart skipet seld til Finland og skifta namn til «Mathilda» og sidan «Mercator». I vinteropplag vinteren 2009 sokk det ved kai i Loviisa i Finland. Det sokk derimot ikkje djupare enn at ein kunne pumpe vatn ut for å få det flytande att.[2]

I mai 2011 blei skipet slept til Tallinn for å bli skrota.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hvor ble båtene av?. Historiegruppen ved Aker Stord. 2000. s. 26-27. ISBN 8299572606. 
  1. Hvor ble båtene av?. Historiegruppen ved Aker Stord. 2000. s. 26-27. ISBN 8299572606. 
  2. Paul Aage Hegvik (22. mars 2009). «M/S Aure sokk ved kai i Finland». Fosna-Folket. Henta 28. desember 2012. 
  3. Arto Henriksson (3. mai 2011). «Vikingfjord lähti Sahaniemestä viimeiselle matkalleen». Loviisan Sanomat. Henta 11. januar 2015.  (på finsk)