MS «Balholm»
| Karriere | |
|---|---|
| Namn: | MS «Balholm» |
| Eigar: | Fylkesbåtane |
| Verft: | A/S Stord i Stord kommune |
| Verftsnummer: | 5 |
| Sjøsett: | 23. juli 1948 |
| Døypt: | fru Røsberg |
| Sett i teneste: | 1949 |
| Teke ut av teneste: | 1974 |
| Heimehamn: | Bergen |
| Kjennemerke: | LIFJ |
| Generelle mål | |
| Type: | Fjordbuss |
| Tonnasje: | 241 brt |
| Lengd: | 39,30 m |
| Breidd: | 6,00 m |
| Djupgang: | 3,00 m |
| Installert effekt : | 510 hk |
| Framdrift: | Totakts dieselmotor frå Crossley |
| Fart: | 12,5 knop |
| Passasjerar: | 276 passasjerar |
| Generelle mål etter ny motor i 1963 | |
| Installert effekt : | 520 hk |
| Framdrift: |
8-sylindra dieselmotor frå Bergens Mekaniske Verksted |
| Fart: | 12,5 knop |
| Karriere | |
| Namn: | MS «Tartan Arrow V» |
| Eigar: | Tartan Arrow Ltd. |
| Overdratt: | september 1974 |
| Heimehamn: | London |
| Lagnad: | Forsvann utanfor kysten av Pembrokshire i Irland |
M/S «Balholm» er ein båt bygt for Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane bygt ved A/S Stord. Skipet gjekk i fart i indre Sognefjorden frå 1949 til 1974.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Skipet vart sjøsett 23. juli 1948 og døypt av fru Røsberg. Båten vart klassifisert i Skipskontrollen for 276 passasjerar og levert til Fylkesbåtane 26. april 1949.
Ho vart sett inn i ruta Flåm-Høyanger med korrespondanse i Flåm med tog til Oslo. Om sommaren gjekk ho i rute Flåm-Fjærland med mange utanlandske turistar.
Då det kom fleire hurtigbåtar kvar dag frå Bergen til Årdalstangen, endra trafikkmønsteret seg og «Balholm» låg i opplag om vinteren. Om sommaren vart ho derimot nytta i ruta Flåm-Gudvangen. Då bilferja kom på same ruta vart det slutt for sjøbussen.
I september 1974 vart ho kjøpt av Tartan Arrow Ltd. i London og skifta namn til «Tartan Arrow V». I 1976 vart båten kjøpt av ein reiar i Nord-Irland og fekk no attende det gamle namnet sitt, «Balholm». I 1977-1979 låg båten i Nord-Irland og fungerte som hovudkvarter for ein yachtklubb.
26. januar 1979 forsvann «Balholm» under mystiske omstende. Avisa Sunday Express skreiv 11. februar 1979 følgjande: «M/S Balholm kom i vanskar utanfor kysten av Pembrokeshire. Ho dreiv hjelpelaus omkring. Dei seks personane ombord vart teken ombord i ein livbåt etter at dei hadde klart å ankre opp båten. Neste dag var båten forsvunne. Ingen kunne gje noko rimeleg forklaring på kvar M/S Balholm hadde teke vegen.»
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Hvor ble båtene av?. Historiegruppen ved Aker Stord. 2000. s. 28-29. ISBN ISBN 82-95726-0-6 Check
|isbn=value: invalid character (hjelp).