MS «Baronessa»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Baronessa.jpg
M/S «Baronessa» i rute Os - Kvinnherad på slutten av 1990-talet.
Foto: Harald Sætre
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Baronessa»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Holen mek. Verksted i Langevåg
Verftsnummer: 134
Sjøsett: 1994
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LHEK
IMO-nummer: 9103776
Generelle mål
Type: Snøggbåt
Tonnasje: 179 bruttotonnregister, 71 nrt
Lengd: 24,00 m
Breidd: 8,30 m
Djupgang: 1,20 m
Installert effekt : 2000 bhk
Framdrift: 2x 12cyl. 4T DM (MTU, Friedrichshafen)
Passasjerar: 125 passasjerar
Karriere Flag of South Korea.svg Sør-Korea
Namn: MS «Cosmos»
Eigar: Sung Woo Ferry Co. Ltd.
Korea Express Ferry Co. Ltd.
Kjøpt: Mai 2005
19. februar 2007
Heimehamn: Masan
Karriere Flag of South Korea.svg Sør-Korea
Namn: MS «Angel»
Eigar: Joyang Transportation Co. Ltd.
Kjøpt: 23. februar 2009
Heimehamn: Mokpo

MS «Baronessa», i dag «Angel», er ein snøggbåt levert frå Holen mek. Verksted i Langevåg i august 1994 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD). Båten vart sett i Osruta (Stord-Kvinnherad-Tysnes-Os). Båten er systerskipet til MS «Baronen».

20. april 2004 kjørte båten tørrskott på land ved Ranavik i 25 knops fart. Kapteinen vart først dømd for ulukka, men seinare frikjend.

I mai 2005 vart båten seld til Sør-Korea og Sung Woo Ferry Co. i Masan, der han fekk namnet «Cosmos». Han skifta eigarar fleire gonger i Sør-Korea dei neste åra. I februar 2007 vart han seld til Korea Express Ferry Co. i Masan og i februar 2009 til Joyang Transportation Co., som gav han namnet «Angel». I 2011 er båten framleis i fart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]