Hopp til innhald

MS «Blue Sapphire»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MS «Blue Sapphire»

«Saga Sapphire» i Kiel i 2018.
Karriere
Namn: MS «Europa» (1981–1999)
MS «SuperStar Europe» (1999–2000)
MS «SuperStar Aries» (2000–2004)
MS «Holiday Dream» (2004–2008)
MS «Bleu de France» (2008–2011)
MS «Saga Sapphire» (2011–2020)
«Blue Sapphire»
Type: Cruiseskip
Eigar: Hapag-Lloyd (1981–1998)
Star Cruises (1998–2004)
Club Vacaciones (2004–2008)
Croisières de France (2008–)
Operatør: Hapag-Lloyd (1981–1999)
Star Cruises (1999–2004)
Pullmantur Cruises (2004–2008)
Croisières de France (2008–)
Registreringshamn: Valletta
Verft: Bremer Vulkan
Byggjenummer: 1001
Sett i teneste: 8. januar 1982
Jomfrutur: 8. januar 1982
Identifisering: IMO-nummer: 7822457[1]
Generelle eigenskapar
Daudvekt: 5 168 tonn[1]
Lengd: 199,63 m
Dekkbreidde: 28,55 m
Djupgang: 8,4 meter[2]
Dekk: 12
Fart: 19 knop
Passasjerar: 1 158
Mannskap: 406

MS «Blue Sapphire» er eit cruiseskip ått og drifta av tyrkiske ANEX Tour.

Sjøsetjinga av «Europa» 22. desember 1980.

Skipet vart bygd hjå Bremer Vulkan i Tyskland i 1981 for Hapag-Lloyd, under namnet MS «Europa». I 1999 vart skipet seld til Star Cruises og fekk namnet MS «SuperStar Europe», som eit år seinare vart til MS «SuperStar Aries». Pullmantur Cruises kjøpte skipet i 2004 og gav ho namnet MS «Holiday Dream». I mai 2008 vart det overført til Croisières de France og fekk namnet MS «Bleu de France». I november 2010 vart skipet selt til Saga Cruises, men verande under charter til CDF i 12 månader til. Etter ombyggingar i Italia frå november 2011 til mars 2012 blei skipet omdøypt til «Saga Sapphire».

«Blue Sapphire» i Çeşme.

I juni 2020 vart det selt til ANEX Tour, som det fyrste skipet i den nye cruiseverksemda deira, og omdøypt til «Blue Sapphire».[3]

I juni 2023 vart fleire av seglingane til skipet avlyst. I juli 2024 kom det tilbake til teneste.[4]

  1. 1 2 https://web.archive.org/web/20200202095441/https://www.hafen-hamburg.de/de/schiffe/kreuzfahrtschiffe. Arkivert frå originalen 2. februar 2020. Henta 23. januar 2020. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  2. https://www.hafen-hamburg.de/de/schiffe/kreuzfahrtschiffe. Henta 23. januar 2020. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  3. «Saga Completes the Sale of the Saga Sapphire to Anex Tour». Cruise Industry News. 18. juni 2020.
  4. «Selectum Blu Cruises Back in Service in the Eastern Mediterranean - Cruise Industry News | Cruise News» (på engelsk (USA)). Henta 2024-07-13.