Hopp til innhald

MS «Bremnes»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Foto: Harald Sætre
Karriere  Noreg
Namn: MS «Bremnes»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Skaalurens Skibsbyggeri i Rosendal
Verftsnummer: 228
Sjøsett: 1978
Teke ut av teneste: 1990
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LGQO
IMO-nummer: 7638416
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 296 bruttotonnregister, 109 nrt
Daudvekt: 386 t.dw.
Lengd: 40,16 m
Breidd: 9,30 m
Djupgang: 3,74 m
Installert effekt : 805 bhk
Framdrift: 6cyl. 4T DM (MWM AG, Mannheim)
Fart: 11.5
Passasjerar: 11 passasjerar
Karriere  Island
Namn: MS «Sæfari»
Eigar: Hriseyar-Hreppur
Sett i teneste: 1990
Heimehamn: Hrisey
Generelle mål etter ommåling i 1992
Tonnasje: 367 bruttotonnregister, 110 nrt
Daudvekt: 386 tonn
Karriere  Island
Namn: MS «Sæfari»
Eigar: Den islandske staten - Vegergardin
(Flutningamidstad Nordurland EHF, Akureyri)
Sett i teneste: 1. juli 1999
Heimehamn: Hrisey
Karriere  Sverige
Namn: MS «Icebam»
Eigar: Shipriders AB
Sett i teneste: 25. februar 2009
Heimehamn: Göteborg

MF «Bremnes», i dag MF «Icebam» er ei bilferje levert frå Skaalurens Skibsbyggeri i Rosendal i mars 1978 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD). Båten vart nytta i fraktrute og som lokalbåt i ruta Bergen - Austevoll - Leirvik - Husnes - Sunde i Kvinnherad frå 1978 til mars 1990.

I april 1990 vart ho seld til Hriseyar-HreppurHrisey i Island og omdøypt «Sæfari». Ho gjekk her i ruta Dalvik-Grimsey, og i periodar mellom Dalvid og Hrísey. Ferja vart ombygd i 1992. 1. juli 1999 tok den islandske staten over ferja. 23. februar 2009 vart ferja seld til Shipriders AB (Marin Mätteknik i Västra Frölunda AB, Göteborg) og registreringshamna vart i mai same året flytta til Göteborg og ho fekk namnet «Icebam». Ferja er framleis i fart i 2011.

MS «Bremnes» i Bergen.
Foto: Harald Sætre

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]