MS «Clio» (1939)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Germany (1935–1945).svg Nazi-Tyskland
Namn: MS «Bukarest»
Eigar: Deutsche Levant Linie
Verft: Deutsche Werk A/G i Hamburg i Tyskland
Verftsnummer: 226
Sjøsett: 1939
Jomfrutur: Juni 1940
Heimehamn: Hamburg
Kjennemerke: LLTN
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 4 550 brt, 2 614 nrt
Daudvekt: 6 988 tdw.
Lengd: 424,9 fot (129,5 m)
Breidd: 55,7 fot (17,0 m)
Djupgang: 22,3 fot (6,8 m)
Installert effekt : BHK 3 860 NHK 686
Framdrift: 2 stk. 6cyl. 2-takts dieselmotor (M.A.N., Augsburg)
Fart: 14 knop
Karriere Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Namn: MS «Empire Ettrick»
Eigar: Ministry of War Transport
Heimehamn: London
Kapra: 1945
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Bremnes»
Eigar: Den norske staten
Heimehamn: Oslo
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Clio»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: 17. desember 1946
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Greece.svg Hellas
Namn: MS «Panorea»
Eigar: Corp. Panorea S.A.
Kjøpt: August 1968
Heimehamn: Pireus
Lagnad: Opphøgd 1972
Karriere Flag of Cyprus.svg Kypros
Namn: MS «Charity»
Eigar: United Shipowners Ltd
Kjøpt: 1972
Heimehamn: Famagusta
Lagnad: Opphøgd 1972

MS «Clio» (kallesignal LLTN) var eit motorskip kjøpt som lasteskip i desember 1946 av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Skipet var opphavleg bygt i Tyskland og levert som «Bukarest» i 1939 for Deutsche Levant Linie i Hamburg. Det vart overteke av britiske styresmakter då krigen var over i 1945 og fekk namnet «Empire Ettrick». Året etter tok den norske staten over skipet og gav det namnet «Bremnes», før BDS så kjøpte skipet mot slutten av 1946.

I 1968 vart skipet selt til greske eigarar og det skifta namn til «Panorea». I 1972 vart skipet selt til Taiwan for opphogging.

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på natthimmelen. Clio, eller Klio er ein forholdsvis stor asteroide. Dette var det andre fartøyet til BDS med dette namnet, etter DS «Clio» som vart selt i september 1946.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt av Deutsche Werft i Hamburg[1] som byggjenummer 226 og sjøsett i 1939.[2] Det vart levert i januar 1940[2] og nytta av Luftwaffe under andre verdskrigen som eit vedlikehaldfartøy for fly.[3] I mai 1945 vart det kapra i Kiel i Tyskland som krigsutbytte og gjekk til britiske Ministry of War Transport, som gav det namnet «Empire Ettrick».[1]

Skipet vart plassert under Cunard Steamship Co Ltd[2] med registreringshamn i London. I juli 1946 vart det overført til norske styresmakter som gav det namnet «Bremnes» med kallesignalet LLTN.[2]

Det Bergenske Dampskibsselskab[endre | endre wikiteksten]

17. desember 1946 vart «Bremnes» selt til Det Bergenske Dampskibsselskab i Bergen og julaftan vart skipet sett inn i Den Norske Syd-Amerikalinje (SAL), som BDS var medeigar i. Det gjekk til Aalborg i Danmark og så direkte til Buenos Aires i Argentina. I mars vart skipet omdøypt til «Clio».[2]

Tidleg om morgonen 28. mars 1947 var skipet på veg til Bergen for første gongen då det i tett tåke kolliderte med det norske Fred. Olsen-lasteskipet MS «Sevilla» vest for Bloksen like nord for Ryvarden fyr nær Haugesund. «Sevilla» var på veg frå Bergen til Lisboa. Det hadde 27 mann ombord, ei besetning på 24 og tre passasjerar. Den lokale tåka kom ut Bømlafjorden og begge dei kolliderande skipa gav tåkesignal. Då «Clio» kom inn i tåka og dei ikkje kunne sjå Ryvarden, vart det slått full stopp i maskinen, og ein kunne høyre eit tåkesignal kome frå like i nærleiken. Ein såg så dei to topplanternene frå «Sevilla» og losen ropte «Han renner i oss!». Styrmannen slo full fart akterover i maskintelegrafen, samstundes som han gav tre støyt i fløyta. I sjøforklaringa meinte han at «Clio» låg heilt i ro. I tillegg forklarte han at «Sevilla» kom sigande sakte mot «Clio», kanskje berre 5 knop. «Sevilla» vart råka forut, og støyten skal ikkje ha vore kraftig, men ein kunne høyre at noko knakk.[4]

Sjølv om det først ikkje verka så farleg, krenga «Sevilla» så brått over, og før ein fekk livbåtane på vatnet sokk skipet. Nattruteskipet MS «Sandnes» var på veg frå Bergen til Haugesund og kom raskt til etter kollisjonen og sette båtar på vatnet for å hente opp dei forliste. Dei klarte å få opp 17 personar, inkludert dei tre passasjerane, og alle var sterkt forkomne. Den svenske båten «Grano» kom òg raskt til staden, men verken dette skipet eller «Clio» fekk berga nokon ombord. Dei 17 personane som vart berga, inkludert kapteinen, vart frakta til Haugesund. Dei ti andre personane omkom.[5][6] I oktober 1948 var det dom i saka og begge skipa vart funne skuldige i ulukka. «Clio» hadde gått på feil side av leia i det tronge farvatnet, og med større fart enn det som var tillat i tåke. «Sevilla» hadde gjeve tåkesignal for seint og ikkje stoppa maskinen å dei høyrde tåkesignala forut, og i tillegg gjeve styrbord ror då topplanternene til «Clio» kom til syne.[7]

Dagen etter kollisjonen kom «Clio» til Bergen for første gongen. 2. april vende det mot Buenos Aires att.

BDS hadde gode samband i Gøteborg til reiarlaget Rederi AB Transatlantic, som gjennom fleire år hadde innarbeidd fart til Sør-Afrika. Mot slutten av 1940-åra prøvde Bergenske å inngå ein partnerskap med det svenske reiarlaget for å sett opp ei ny linje på Vest-Afrika, som fekk namnet Den Skandinaviske Vest-Afrika Linje eller The Scandinavian West-Africa Line (SWAL). Linja kom i gang i mai 1948 med fire skip, og eit av skipa BDS sette inn var «Clio», som vart lånt frå SAL. Bergenske hadde på denne tida knapt med større tonnasje og måtte leige inn skip ved sidan av «Clio». Linja gjekk frå Skandinavia med anløp i Hamburg, Amsterdam, Antwerpen og frå Dakar og sørover til Lobito i Angola. Seinare vart linja omorganisert i ei nordleg og ei sørleg linje.[2]

Hausten 1950 gjekk «Clio» attende til Sør-Amerika-linja. Etter å ha vore heime i Bergen drog det ut att mot Argentina, men då det var komen til Danmark grunnstøytte det 19. november i Odensefjorden. Det var på veg ut den smale fjorden og stod etter grunnstøytinga hardt og heilt opp på land, men var ikkje i noko fare. Det var kraftig vind i området, og taubåten som kom frå Odense, «Stm. Knud», hadde ikkje høve til å dra «Clio» av.[8] Skipet hadde ikkje fått noko skade, og det var berre snakk om tid og venting på vêrtilhøva før det kunne kome flott att.[9] Kvelden 21. november kom det ut på vatnet att og fortsette reisa til Malmø, der det vart undersøkt i dokk.[10] Skipet fortsette så i SAL fram til februar 1953, då det låg tre månader i København.

I 1953 var det brann ombord i det såkalla «strong room».[11] I midten av mai 1953 lasta det igjen for SWAL. Trass i at ruta gjekk forholdsvis godt, førte dei innleigde skipa til at inntektene på ruta var heller dårleg. For å finne ei betre løysing overtok BDS i 1953 ein nybyggingskontrakt frå Rederi-AB Transatlantic. Skipet vart levert i august 1954 som MS «Iris» og erstatta «Clio», som gjekk attende til SAL i november 1954.

29. januar 1955 kolliderte «Clio» med det danske MS «Danebrog» i nærleiken av Romsø i Storebælt. Det var tett tåke då kollisjonen fann stad. «Clio» fekk berre mindre skadar og kunne halde fram til SvendborgFyn.[12] I oktober 1959 tok «Clio» ein tur til Aust-Afrika via Suezkanalen. Turen enda i Mombasa i Kenya, før det vende heimover att, der det kom på nyåret. 4. februar 1960 var det kraftig uvêr i Nordsjøen og «Clio» låg på vêret då roret vart skadd. Skipet måtte difor slepast inn til Sandefjord for å undersøkast. Kopralasta på 500-600 tonn var òg fått skade i stormen.[13] Det var losen ombord som på kløktig vis hadde fått «Clio» velberga i hamn under vanskelege forhold. For dette kravde han ei bergingsløn på 10 000 kroner. BDS var samd i at han skulle få bergingsløn, men tilbaud berre 1000 kroner. Saka enda i retten, der losen fekk ei godtgjersle på 2 000 kroner. BDS måtte òg betale sakskostnadane på 1500 kroner.[14]

«Clio» fortsette å gå i SAL det meste av 1960 før det var slutt i september og det gjekk over til timecharter i november 1960 for 5-7 månader til 27 000 dollar per månad.[15] I desember 1960 kryssa «Clio» Atlanteren til New York City og så attende til Liverpool i romjula. Black Star Line leigde så skipet for fart mellom USA og Vest-Afrika i 1961.[16] Raten var relativt gunstig, men overskotet vart likevel lite.[17] I 1962 gjekk «Clio» i trampfart til dagrater på 900 dollar tidleg på året[18], og frå mars 775 dollar per dag.[19] Skipet var i Middelhavet i mars, før det kryssa Atlanteren til USA og så gjennom Panamakanalen og like til Valparaiso i Chile. Utpå sommaren gjekk turen via USA til Vest-Afrika. I november 1962 kom skipet heim att til Bergen og gjekk i opplag på grunn av dårleg fraktmarknad. I april 1963 vart «Clio» taua til Vaksdal for å laste korn, og skulle så ligge som kornlager i Bruvik i Osterfjorden.

Greske eigarar[endre | endre wikiteksten]

I august 1963 vart «Clio» selt til Compania Panorea SA, Pireus i Hellas, og det vart omdøypt «Panorea». Det vart drive under M A Karageorgis. 5. august segla det ut frå Bergen for siste gongen på veg mot Gdynia i Polen. I 1969 tok Panorea Compania Naviera SA over som eigarar[2] og drifta vart overført til E T Kolintzas & Maltakis.[1]IMO-nummer vart innført seint i 1960-åra fekk «Panorea» IMO 5076078. I september 1972 vart «Panorea» selt til United Shipowners Ltd i FamagustaKypros og det fekk namnet «Charity». 22. september kom det fram til KaohsiungTaiwan for opphogging.[2]

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 4 550 brt, 2 614 nrt og lasteevna var 6 988 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 11 582 . Hovudmaskinen var to stykk 6-sylindra 2-takts dieselmotorar, gira til ein aksel, levert av Maschinenfabrik Augsburg-Nürnberg (M.A.N.) i Augsburg. Oppgjeven yting var 3 860 bHk (bremsande hestekrefter) og 686 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 14 knop.[11]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Mitchell, W.H.; Sawyer, L.A. (1995). The Empire Ships. London, New York, Hamburg, Hong Kong: Lloyd's of London Press Ltd. s. not cited. ISBN 1-85044-275-4. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Bjørndalen, Morten; Kjærvik, H. «055 Den Norske Syd-Amerikalinje». Skipet. Arkivert frå originalen 27 March 2012. Henta 31. desember 2020. 
  3. «Deutsche Levante Line». The Ships List. Arkivert frå originalen 1 October 2011. Henta 31. desember 2020. 
  4. ««Han renner i oss»». Bergen: Bergens Tidende. 1. april 1947. s. 7. Henta 1. januar 202110. 
  5. «Norske skipsforlis 1946-68». Wrecksite. Henta 31. desember 2020. 
  6. «Middelhavslinjens «Sevilla» sunket etter kollisjonen i natt». Bergen: Bergens Tidende. 29. mars 1947. s. 1. Henta 1. januar 2021. 
  7. «Dom i saken Sevilla-Clio». Bergen: Bergens Tidende. 14. oktober 1948. s. 6. Henta 1. januar 2021. 
  8. «Bergenskes «Clio» grunnstøtt i Odensefjorden». Bergen: Bergens Tidende. 20. november 1950. s. 8. Henta 1. januar 2021. 
  9. ««Clio» flott ved neste høyvann?». Bergen: Bergens Tidende. 20. november 1950. s. 2. Henta 1. januar 2021. 
  10. «Bergenskes «Clio» flottbrakt i går kveld». Bergen: Bergens Tidende. 22. november 1950. s. 2. Henta 1. januar 2021. 
  11. 11,0 11,1 «M/S Clio» (på Norwegian). Sjøhistorie. Arkivert frå originalen 7 November 2015. Henta 1. januar 2021. 
  12. «Bergenskes «Clio» i kollisjon, ubetydelig skade». Bergen: Bergens Tidende. 31. januar 1955. s. 1. Henta 1. januar 2021. 
  13. ««Clio» slept inn til Sandefjord med rorskade». Bergen: Bergens Tidende. 5. februar 1960. s. 9. Henta 1. januar 2021. 
  14. ««Clio»s los fikk 2000 kroner i godtgjørelse». Bergen: Bergens Tidende. 27. november 1961. s. 6. Henta 1. januar 2021. 
  15. «Vintersesongen er innledet men vintermarkedsutslagene mangler». Bergen: Bergens Tidende. 12. november 1960. s. 14. Henta 1. januar 2021. 
  16. «Sjefskifte i BDS i dag». Bergen: Bergens Tidende. 2. januar 1961. s. 2. Henta 1. januar 2021. 
  17. «BDS fraktinntekter 150 mill. i fjor». Bergen: Bergens Tidende. 8. mars 1962. s. 6. Henta 1. januar 2021. 
  18. «Fraktdepresjon og lastepreferanser alvorlig for norsk skipsfart i USA». Bergen: Bergens Tidende. 20. januar 1962. s. 13. Henta 1. januar 2021. 
  19. «Vinter på helling uten et skikkelig vinterfraktmarked». Bergen: Bergens Tidende. 31. mars 1962. s. 12. Henta 1. januar 2021.