MS «Espenes»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Espenes»
Eigar: Trygve Vangberg
Verft: A/S StordStord
Sauholmen og Sønn i Fusa
Verftsnummer: 4
14
Sjøsett: 1945
Overtatt: Desember 1945
Heimehamn: Oslo
Kjennemerke: LLLL
Generelle mål
Type: Fiskebåt
Daudvekt: 250 tonn
Lengd: 28,80 m
Breidd: 6,90 m
Djupgang: 3,10 m
Installert effekt : 200 hk
Framdrift: Totakts, firesylindra råoljemotor frå
De Forenede Motorfabrikker
Fart: 8,5 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Vardholm»
Eigar: P/R Terje Johansen, sidan fleire eigarar
Overdratt: November 1946
Lagnad: Utbrent 1980
Generelle mål etter ny motor i 1957
Installert effekt : 180 hk
Framdrift: Totakts, tresylindra råoljemotor frå
De Forenede Motorfabrikker
Generelle mål etter ny motor i 1964
Installert effekt : 240 hk
Framdrift: Totakts, tresylindra dieselmotor frå
Wichmann (1955)

M/S «Espenes» var ein fiskebåt bygd for Trygve Vangberg i Oslo. Skroget vart bygt i tre av skipsbyggar Sauholmen og Sønn i Berggrend i Fusa kommune i Hordaland, medan resten av skipet vart bygd på A/S Stord.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skroget vart sjøsett på seinsommaren 1945, men var ikkje heilt vellukka. Det var noko grunt og evjebotn, slik at skroget sette seg fast i evja. Ein måtte derfor ha hjelp til å få det laust. Skroget vart så slept til Stord, der båten vart gjort ferdig. I desember 1945 var fiskebåten klar til å gå på fiske, klassifisert av Det Norske Veritas.

20. november 1946 kjøpte Partrederiet Terje Johansen i Jennestad i Sortland fiskebåten som no fekk namnet MS «Vardholm». «Vardholm» fekk ny motor i 1957 og igjen i 1964.

21. februar 1977 vart ho kjøpt av P/R Torbjørn Havbakk, og 13. april 1978 vart ho kjøpt på auksjon av Jahn Holthe i Rødseidet. På grunn av økonomiske problem overtok Abelvær Slipp og Mekaniske Verksted båten.

Vinteren 1980 vart det brann i Vardholm i Lofoten. Vardholm var fullstendig utbrent og vart kondemnert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hvor ble båtene av?. Historiegruppen ved Aker Stord. 2000. s. 26-27. ISBN ISBN 82-95726-0-6 Sjekk |isbn=-verdien: invalid character (hjelp).