MS «Espeværekspressen»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

M/S «Espeværekspressen» i rute Eidesvik - Espevær. Foto Harald Sætre.
Karriere  Noreg
Namn: MS «Espeværekspressen»
Eigar: Agasøster Båtservice A/S
Verft: BåtutrustningRubbestadneset
Verftsnummer: 93
Sjøsett: 1991
Heimehamn: Rubbestadneset
Kjennemerke: LDTE
Generelle mål
Type: Snøggbåt
Tonnasje: 46 bruttotonnregister, 18 nrt
Lengd: 19,30 m
Breidd: 5,40 m
Djupgang: 0,95 m
Installert effekt : 1000 bhk
Framdrift: DM (MAN AG, Augsburg)
Passasjerar: 42 passasjerar
Karriere  Noreg
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Kjøpt: Oktober 1992
Heimehamn: Bergen
Karriere  Noreg
Eigar: Agasøster Båtservice
Kjøpt: 2014
Heimehamn: Rubbestadneset

MS «Espeværekspressen» er ein snøggbåt levert frå Båtutrustning A/S på Rubbestadneset i april 1991 for Agasøster Båtservice på Rubbestadneset. Båten vart sett inn i ruta mellom Eidesvik og Espevær i Bømlo kommune. Då Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap tok over denne ruta i 1992 følgde båten med på laget og var i reiarlaget (HSD, Tide og Norled) fram til 31. desember 2013.

I 2014 tok Agasøster Båtservice igjen over båten og brukte han i rute mellom Leirvik på Stord og Ranavik og Sunde i Kvinnherad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]