MS «Fru Inger»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Fru Inger»
Eigar: Fosen Aktie Dampskibselskab
Verft: A/S Stord i Stord kommune
Verftsnummer: 6
Sjøsett: 26. august 1949
Døypt: fru Storli
Heimehamn: Trondheim
Kjennemerke: LIOZ
Generelle mål
Type: Kystrytebåt
Tonnasje: 461 brt
Lengd: 46,91 m
Breidd: 8,38 m
Djupgang: 3,35 m
Installert effekt : 1000 hk
Framdrift: Totakts dieselmotor frå Crossley
Fart: 14 knop
Passasjerar: 497 passasjerar
Generelle mål etter ny motor 1968
Installert effekt : 1350 hk
Framdrift: 2 SC SA frå Wichmann
Fart: 13,5 knop,
Karriere Flag of Germany.svg Vest-Tyskland
Namn: MS «Fru Inger»
Overdratt: 24. oktober 1977
Karriere Flag of the United States.svg USA
Namn: MS «California Rose»
Overdratt: før 1985
Karriere Flag of Mexico.svg Mexico
Namn: MS «California Rose»
Overdratt: 1990-åra
Lagnad: ukjend

MS «Fru Inger» var ein kystrutebåt levert for Fosen Aktie Dampskibsselskap frå A/S Stord i 1950.

Historie[endre | endre wikiteksten]

M/S «Fru Inger» vart sjøsett 26. august 1949, døypt av fru Storli. Båten vart klassifisert av Det Norske Veritas for innaskjersfart og kunne ta 497 passasjerar. Skroget vart bygt ekstra kraftig, særleg forskipet, fordi båten skulle segle i særskild verharde område.

Ho vart levert til Fosen Dampskipselskap den 10. juni 1950 og gjekk inn i ruta Trondheim-Hitra-Frøya.

Ho grunnstøytte den 18. februar 1953 ved Hestvika og fekk store skadar. Reparasjonen tok tre månader. Ho fekk ny motor 1. mai 1968 og fortsette i same ruta fram til 1973. Reisemønsteret hadde då endra seg i løpet av åra. Folk køyrte i større grad med privatbilar i tillegg til at hydrofoilbåtane kom til området. «Fru Inger» vart derfor lagt i opplag.

Seinare historie[endre | endre wikiteksten]

13. mai 1974 kjøpte Alf Nepstad i Bergen skipet, og i desember 1976 vart ho seld til Dansk Norsk Skips A/S i Fredrikstad, men skipet var framleis registrert i Bergen.

24. oktober 1977 vart skipet seld til ein kjøpar i Panama og registrert under Vest-Tyskland. Skipet vart observert på vestkysten av USA i 1985, og hadde då namnet California Rose, og igjen i 1992 i Santa Monica i California. Ho figurerte både i Falcon Crest og i A-Team.

I 2000 sporte Tore Strømøy opp båten i programmet Tore på sporet. Han lette lenge før han fann ho att i Mazatlán i Mexico. Båten var i særs dårleg stand og mellom anna fullstendig ribba for inventar og utstyr, men motoren var framleis intakt. Båten var eigd av ei kvinne som dreiv ei fiskeindustribedrift. Ho hadde planar om å bygge båten om til fiskefabrikkskip, men då pengane tok slutt vart skipet lagt i opplag.

Den vidare lagnaden til skipet er ukjend.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hvor ble båtene av?. Historiegruppen ved Aker Stord. 2000. s. 26-27. ISBN ISBN 82-95726-0-6 Sjekk |isbn=-verdien: invalid character (hjelp).