MS «Gamle Oksøy»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Oksøy»
Gamle Oksøy.JPG
«Gamle Oksøy» ved Bredalsholmen i 2010
Karriere
Type: Forsyningsskip
Byggherre: Kystverket
Verft: Brdr. Lothe, Haugesund
Overtatt: 1962
Tatt ut av teneste: 1996
Omdøypt: «Gamle Oksøy»
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 330 BT tonn
Lengd: 41,42 m
Dekkbreidde: 7,42 m

«Gamle Oksøy» er eit tidlegare forsyningsskip i Kystverket. Fartøyet er no verna og eigd av Lindesnes Fyrmuseum. Under tenesta i Kystverket var namnet «Oksøy». Då det i 1997 vart gitt som gåve til Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter frå Fiskeridepartementet, vart namnet «Gamle Oksøy». Skipet ligg framleis til dagleg ved Bredalsholmen, men har siden 2014 vore eigd av Lindesnes Fyrmuseum.

«Oksøy» vart bygd hjå Brdr. Lothe i Haugesund, for Kystverket, i 1962. «Oksøy» vart brukt til å transportere av parafin og gass til fyrlykter, og var registret som tankskip. Etter kvart som fyrlyktene vart ombygde til solcelle- og batteridrift, vart det mindre bruk for tankskipet. Det vart teke ut av drift i 1996.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]