MS «Hordaland»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

MS «Hordaland» i Hardangerfjorden i 1940
Karriere  Noreg
Namn: MS «Hordaland»
Eigar: HSD
Verft: Mjellem & Karlsen i Bergen
Verftsnummer: 66
Sjøsett: 1937
Teke ut av teneste: 1970
Kjennemerke: LJMO
Generelle mål
Type: Lokalrutebåt
Tonnasje: 235 brt, 122 nrt
Lengd: 115,6 fot (35,2 m)
Breidd: 21,4 fot (6,5 m)
Djupgang: 10,0 fot (3,0 m)
Installert effekt : 300 bHK
Framdrift: 4cyl. 2T EV Wichamnn RM
Generelle mål etter ombygging i 1957
Tonnasje: 247 brt
162 nrt
Lengd: 134,5 fot (41,0 m)
Breidd: 21,4 fot (6,5 m)
Djupgang: 10,6 fot (3,2 m)
Passasjerar: 250 passasjerar
Karriere  Noreg
Namn: MS «Ombofjord»
Eigar: A/S Jøsenfjord Rutelag
Sett i teneste: 1970
Generelle mål etter ny motor i 1971
Installert effekt : 710 bHK
Framdrift: 7cyl. 4T DM (MAN AG, Augsburg, b.1961),
Karriere  Noreg
Namn: MS «Edelweiss»
Eigar: Simon Møkster
Sett i teneste: 1976
Karriere  Kypros
Namn: MS «Rumieh»
Eigar: Caravan Shipping Co. Ltd
Sett i teneste: 1977
Lagnad: Dregga for ankera og dreiv på land ved Jounieh.

MS «Hordaland» var i perioden 1937-1970 ein lokalrutebåt tilhøyrande Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. I 1970 vart han selt til AS Jøsenfjord Rutelag og omdøypt «Ombofjord». Ho vart nytta i rutene til dette selskapet i Ryfylke fram til 1976.

MS «Hordaland»[endre | endre wikiteksten]

MS «Hordaland» vart levert frå AS Mjellem & Karlsen i Bergen i mai 1937. Ho kosta kr 280 000. HSD vurderte fleire land, som «Moster» og «Skånevik», før ein landa på «Hordaland». «Hordaland» vart bygd for lokalruta på Kvinnherad og for lokalruta Odda-Granvin (i korrespondanse med jarnbana i Granvin), men var gjennom åra innom dei fleste av HSD sine ruter som avløysar. Ho var òg utstyrt for å kunne avløyse òg i dei lengre rutene.

Under den tyske invasjonen av Noreg den 9. april 1940 gjekk «Hordaland» i rute i Indre Hardanger. Ho vart rekvirert som troppetransport for norske soldatar saman med «Granvin» og «Eidfjord» som var i same område. 25. april 1940 låg «Hordaland» om natta ved kai i Kinsarvik, der òg eit tysk malmskip låg, teken som krigsbytte av den norske marinen. Då tyske krigsskip kom inn fjorden om natta, opna dei eld ved Trones, som vart besvart frå norske stillingar på land. I trefningane fekk «Hordaland» ein kald granat (granat som ikkje eksploderte) i sidan, men utan å få særleg skade.

Hausten 1940 låg skipet i opplag på grunn av oljemangel, først i Flakkavåg, sidan i Fjelberg og Matre. Hausten 1941 vart skipet sett i rutefart att, då det gjekk rykte om at tyske styresmakter ville rekvirere båten. Tyskarane kalla dette sabotasje og truga med å skyte dersom båten forlét Bergen. Ved å vise til nokre småsprekker i to av sylindrane i maskina, lukkast det reiarlaget å få rekvisisjonen utsett til ho hadde vore på verkstad. Reparasjonen vart likevel gjort ved kai i Bergen, og «Hordaland» vart ikkje rekvirert.

27. august 1945 møtte «Hordaland» KNM «Stord» (med Kong Haakon VII ombord) med eskadre, på Byfjorden saman med fleire andre lokalrutebåtar.

I 1946 vart skipet reparert og ombygd. Brua vart løfta ein etasje for å få betre utsikt og det vart bygd nytt styrehus med ny salong under. I 1953 vart det òg sett inn ny motor.

Skipet vart forlenga og noko ombygd i 1956 ved Br. Lothe AS Flytedokken i Haugesund. Lasterommet vart forstørra og ho vart registrert for 250 passasjerar og 6 bilar på fordekk. Ved levering gjekk ho inn i ruta Bergen-Hardanger-Odda saman med lokalruteskipet «Stord».

MS «Ombofjord»[endre | endre wikiteksten]

«Ombofjord» i Skartveitvågen i 1970
Foto: Tor Øvregaard

6. april 1970 vart «Hordaland» selt til AS Jøsenfjord Rutelag i Stavanger for kr 125 000. Ho vart omdøypt «Ombofjord» og noko ombygd ved verkstaden til eigarselskapet på Buøy i Stavanger. Ho fekk ny salong (vart no registrert for 250 passasjerar). Båten vart òg vurdert forlengt med bildekk atter, men dette vart ikkje noko av. Ho fekk òg ny motor montert og makta 12 knop.

20. april 1970 vart ho sett i fart som avløysar for dei andre lokalrutebåtane til selskapet, medan dei var inne til årleg oppussing. Ho avløyste først «Årdalsfjord» i ruta Stavanger-Sjernarøy-Ombo-Foreneset-Erfjord («Årdalsfjord» avløyste Haugesund Dampskibsselskab si ferje «Tre Måker» i ruta Haugesund-Stavanger). Avløyste sidan i andre ruter.

Somrane 1970-1973 vart ho nytta i rute på Vadla i Jøsenfjorden i Hålandsosen, Bogsund i Erfjord og Jørstadvåg på Ombo. Kvar sundag gjekk ho Skiftun (kl 06.30)-Hjelmeland-Ølesund-Skår-Skartveit-Byre-Sørvåg-Kjølevik-Sørvåg (kl 09.40, -med korrespondanse med «Hjelmelandsfjord» frå Stavanger)-Bokn-Skartveit-Skår-Eidssund-Knutsvik (kl 11.45-16.45)-Skiftun-Vestersjø-Randa-Skartveit-Børøy-Byre-Bokn-Sørvåg-Stavanger (kl 20.15). Ho låg i opplag ved verkstaden på Buøy i Stavanger om vinteren.

September 1973 vart lagt i opplag ved verkstaden på Buøy i Stavanger som reservebåt, og ho var tidvis i fart. At «Ombofjord» mangla bildekk akter og berre tok 2-3 bilar på lasteluka framme, gjorde båten mindre eigna i rutene enn dei andre skipa til selskapet. Reiarlaget vurderte ombygging til bildekk akter, eller å senke lasteluka på fordekket til dekkshøgd for å få plass til fleire bilar, men dette vart ikkje noko av.

1. januar 1976 vart fartøya og rutene til eigarselskapet overteke av Det Stavangerske Dampskibsselskab, Stavanger. DSD hadde ikkje nytte for «Ombofjord» som vart sirkulert for sal med ein gong.

Etterhistorie[endre | endre wikiteksten]

18. mars 1976 vart ho selt til Simon Møkster i Stavanger og omdøypt «Edelweiss». Ho vart nytta som hjelpeskip (messe og opphaldsrom) under bygging av betong-plattformunderstell i Gandsfjorden. Sidan nytta på same måte på Stord. I desember 1976 kom ho attende til Stavanger, klassa og selt til Caravan Shipping Co. Ltd. i LimassolKypros. Ho fekk då namnet «Roumieh».

13. januar 1977 drog ho frå Stavanger i full storm. Då båten kom til Guernsey var ein av livbåtane blåse av. Dette vart utbetra, før ein heldt fram til Gibraltar for bunkring og vidare til Kypros. Båten skulle visstnok så setjast inn i rute mellom Famagusta på Kypros og Beirut. I 1978 vart ho dregga av ankera og dreiv på land ved Jounieh.

Lloyd's Register sletta ho frå listene sine som forlist i november 1978.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Skipet.no
  • «Fjordabåten» Dag Bakka jr. 1994
  • «Over Fjord og Fjell, HSD 1880-1980» Bård Kolltveit 1980
  • «Båtene våre, -hvor ble de av?» Dag Bakka jr. for Bergens Tidende 1984(?)
  • «Fjordabådane» Magnus Torgersen 1981
  • Artikkel om Jøsenfjord Rutelag av Alf Johan Kristiansen i tidsskriftet «Skipet» 2.1991
  • «Fjordabåtene» Jone Laugaland 2005
  • Artikkel om HSD av Per Alsaker i «Skipet».