MS «Melanddrott»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Melanddrott»
Eigar: Alversund og Manger Dampbåtlag
Verft: A/S StordStord
Verftsnummer: 3
Sjøsett: 13. april 1948
Døypt: av fru Fånesen
Overtatt: 15. juli 1948
Teke ut av teneste: 1973
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LMZR
Generelle mål
Type: Lokalrutebåt
Tonnasje: 194 brt
Lengd: 38,75 m
Breidd: 6,00 m
Djupgang: 2,80 m
Installert effekt : 520 hk
Framdrift: Britisk Polar totakts diesel
Fart: 12 knop
Passasjerar: 281 passasjerar
Karriere Flag of the United Kingdom (3-5).svg Storbritannia
Namn: «Ferry-Boat Inn»
Eigar: Mr. Mallion G. Asford
Overdratt: September 1974
Heimehamn: Kent
Lagnad: Opphogd 1977

M/S «Melandrott» var ein sjøbuss bygt for Alversund og Manger Dampbåtlag og levert frå A/S Stord i 1948.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart sjøsett 13. april 1948 og døypt av fru Fånesen. Båten vart klassifisert av Skipskontrollen og kunne ta 281 passasjerar. Systerskipet MS «Midthordland» vart levert året før frå same verft.

M/S «Melandrott» gjekk inn i ei av dei travlaste rutene til selskapet: Bergen-Frekhaug-Salhus-Isdalstø-Kvamsvåg og attende. I tillegg til mange fastbuande var det mykje hyttefolk som reiste frå byen til landet.

I 1951 vart selskapet slått saman med Lindås-Masfjorden Dampbåtlag til Bergen-Nordhordland Trafikklag. Skipet heldt fram i same ruta.

Selskapet vart òg nytta til rundturar. Til dømes vart «Melanddrott» i juni 1959 nytta på turar frå Bergen til Lysøen og Lerøyosen. Turen tok fem turar og kosta berre 5 kr.

Då det vart sett inn ferjer på strekninga Steinestø-Knarvik og vegane vart utbetra, vart det langt færre passasjerar for dei tradisjonelle rutebåtane, og i august 1973 vart «Melandrott» teke ut av ruta si. Skipet vart lagt i opplag i Florvåg. Hovudmotoren var utsliten og det ville kosta kring ein halv million kroner å få reparert motoren. Styret i selskapet valde derfor å selje fartøyet.

I september 1974 vart båten seld til Mr. Mallion G. Ashford i Kent i England, som tok han til River Midway ved Rochester på sørsida av Themsen. Her vart han ombygd til pub- og restaurantskip og fekk namnet «Ferry-Boat Inn». I 1975 var han flytta til Marry Port i Cumbria i Irskesjøen.

Skipet vart hogd opp i 1977.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hvor ble båtene av?. Historiegruppen ved Aker Stord. 2000. s. 21-23. ISBN 82-95726-0-6 Sjekk |isbn=-verdien: length (hjelp).