MS «Nordstjernen»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om hurtigruteskipet frå 1956. For andre skip med same namnet, sjå «Nordstjernen».
MS «Nordstjernen»
Karriere i Noreg
Type: Hurtigruteskip
Eigar: Hurtigruten Group ASA
Operatør: 1956–1979: BDS
1979–2006: TFDS
2006–2012: Hurtigruten ASA
2012 –: Indre Nordhordland Dampbåtlag
Registreringshamn: Bergen
Rute: Hurtigruta
Kostnad: 1,9 mill kr
Verft: Hamburg
Byggjenummer: 787
Sjøsett: 26. oktober 1955
Overtatt: 1956
Sett i teneste: 1956
Jomfrutur: 1. mars 1956
Identifisering: IMO-nummer: 5255777[1]
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 2191 tonn
Daudvekt: 656 tonn[1]
Lengd: 80,77 m
Dekkbreidde: 12,6 m
Djupgang: 4,5 m
Fart: 16 knop
Passasjerar: 400
Køyer: 179

MS «Nordstjernen» er eit hurtigruteskip sett i rute i 1956, oppkalla etter skipet som havarerte i Raftsundet september 1954.

MS «Nordstjernen» gjekk i fast rotasjon i hurtigruta frå 1956 til 2002. Skipet vart tatt ut av ordinær hurtigrutetrafikk i 2002, men gjekk som erstatningskip i vinterhalvåret frå 2005/2006. I sommarhalvåret gjekk skipet i cruisetrafikk ved Svalbard.[2]

24. februar 2006 kunne MS «Nordstjernen» markera 50-årsjubileum som hurtigruteskip. Det hadde då reist ein distanse som tilsvarer 150 gonger rundt ekvator.[3] I 2009 vart det igjen sett inn i fast hurtigrutetrafikk.[2] MS «Nordstjernen» var det eldste skipet i ordinær hurtigrutetrafikk fram til siste anløp i Bergen 22. mars 2012, og var dermed det skipet som hadde lengst fartstid på denne ruta - 9 år lengre enn DS «Vesteraalen». Skipet vart erklært verneverdig av Riksantikvaren i 2007 og freda i desember 2012.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

MS «Nordstjernen» var det åttande nybygde hurtigruteskipet etter krigen. Det kom i staden for DS «Nordstjernen» frå 1937 som havarerte ved Hanøya i Raftsundet 22. september 1954. MS «Norstjernen» var det første hurtigruteskipet som vart bygd ved Werft Blohm & Voss i Tyskland.

I hurtigruta[endre | endre wikiteksten]

MS «Nordstjernen» med Lyngsalpene i bakgrunnen (2015)

Skipet vart sjøsett 26. oktober 1955 og overlevert 24. februar 1956. Den 1. mars 1956 vart MS «Nordstjernen» sett inn i hurtigrutetrafikk for første gong. I åra 1976 til 1979 gjekk det på vårparten i turistrute mellom Bergen og LerwickShetland. Desse turane var organisert slik at skipet gjekk i ordinær hurtigrutetrafikk til Bergen før turen til Shetland og tilbake i hurtigrutetrafikk etter heimkomst. På denne måten kunne passasjerar frå andre stader i hurtigruteleia starte og slutte turen på heimstaden.

I 1979 vart MS «Nordstjernen» og BDS sine tre andre hurtigruteskip (MS «Midnatsol» (1949), MS «Nordlys» (1951) og MS «Polarlys» (1952)) selde til Troms Fylkes Dampskibsselskap (TFDS), og dei fekk skorsteinsmålinga til TFDS med eit stort kvitt felt med eit smalt raudt felt over og under. Frå BDS-tida hadde dei ei stjerne i baugen og denne har dei enno, sjølv om TFDS ikkje brukte slike merke.

I 1983 vart skipet oppgradert ved Mjellem & Karlsen Verft i Bergen. Ny hovudmotor vart installert og fleire av lugarane fekk eige toalett med dusj. Køyekapasiteten vart etter dette redusert til 179.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]