MS «Oslofjord» (1993)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MS «Oslofjord»
Karriere
Namn: MS «Bergen» (1993-2003)
MS «Duchess of Scandinavia» (2003-2005)
MS «Atlantic Traveller» (2005-2008)
MS «Bergensfjord» (2008-2014)
MS «Oslofjord» (2014-i dag)
Operatør: Fjord Line (1993-2003)
DFDS Seaways (2003-2005)
Fjord Line (2005-i dag)
Registreringshamn: Bergen (1993-2003)
København (2003-2008)
Hanstholm (2008-2009)
Hirtshals (2009-i dag)
Rute: Sandefjord-Strömstad
Byggherre: Fosen Mekaniske Verksteder
Verft: Fosen Mekaniske Verksteder
Verftsnummer: 52
Byggjenummer: 52
Status: I drift
Identifisering:
Generelle eigenskapar
Lengd: 134,40 m
Dekkbreidde: 24 m
Djupgang: 5,7 meter

MS «Oslofjord» er ein havgåande bilferje som vart bygd for selskapet Bergen Nordhordland Rutelag, seinare Fjord Line, i 1993. Skipet er bygd ved Fosen Mekaniske Verksteder og vart sett i drift i juni 1993. Ferja fekk opphavleg namnet MS «Bergen». I 2003 vart skipet leigd ut til DFDS Seaways, som gav han namnet MS «Duchess of Scandinavia». I 2005 fekk skipet nytt namn att, MS «Atlantic Traveller». I 2008 vart namnet endra til MS «Bergensfjord», og då ferja vart bygd om og sett inn på strekninga Sandefjord-Strömstad i juni 2014 fekk han namnet MS «Oslofjord».

Ferja er 134,4 meter lang, 24 meter brei og har ein kapasitet på 850 passasjerar og 300 bilar. Bruttotonnasjen er 16 794.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]