MS «Polarfront»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MS «Polarfront»

MS «Polarfront» var eit norsk vêrskip som låg fast stasjonert i Nord-Atlanteren på 66° N og 2° Ø.

Skipet sendte meteorologiske data til Meteorologisk institutt i Oslo. Skipet var eigd og drifta av reiarlaget Kåre Misje & Co for den norske staten. MS «Polarfront» vart spesialbygd som vêrskip ved Mandals Slipp, og var i drift frå 1976 til 1. januar 2010.

MS «Polarfront» er kjend som vêrstasjonen M («Mike») og utførte meteorologiske vêrobservasjonar ein gong i timen. Etter den andre verdskrigen vart det oppretta 13 vêrskipstasjonar, som fekk namn frå A til M og vart stasjonert av 48 vêrskip. «Polarfront» erstatta vêrskipa «Polarfront I» og «II» som hadde gjort teneste i same området sidan 1948. Desse skipa var ombygde engelske korvettar som den norske staten eigde. Ei rekkje år år veksla MS «Polarfront» med det nederlandske skipet «Cumulus» på å bemanne stasjonen M, men sidan 1986 var «Polarfront» åleine om stasjonen.

«Polarfront» var det siste vêrskipet i verda som var i drift før drifta vart lagt ned 1. januar 2010.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]