MS «Queen Elizabeth 2»
Utsjånad
| MS «Queen Elizabeth 2» | |
|---|---|
| Type: | atlanterhavsskip, passasjerskip |
| Eigar: |
Cunard Line (1969 - 1998), Carnival Corporation & plc (1998 - 2008), Istithmar World (2008) |
| Verft: | John Brown & Company |
| Byggjenummer: | 736 |
| Sett i teneste: | 1969 |
| Identifisering: | IMO-nummer: 6725418 |
| Dekkbreidde: | 32,06 meter |
| Djupgang: | 9,87 meter |
| Fart: | 32,5 knop |
| Passasjerar: | 1 900 |
MS «Queen Elizabeth 2» var eit cruiseskip som tilhøyrde Cunard Line og var i virke frå 1969 til 2008.[1]
Skipet var kalla opp etter det transatlantiske passasjerskipet RMS «Queen Elizabeth». MS «Queen Elizabeth 2» var flaggskip for reiarlaget fram til fartøyet vart erstatta av RMS «Queen Mary 2» i 2004. Det vart bygd i Clydebank, ved elva Clyde i Skottland.
Gjennom 40 år i fart sigla skipet over det meste av verda, og vart i den siste perioden sett inn i cruisefart frå Southampton. Skipet vart teke ut av teneste mot slutten av 2008 og vart sidan nytta som flytande hotell i Palm Jumeirah i Dubai.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på Queen Elizabeth 2 frå Wikipedia på bokmål, versjonen frå 8. juli 2018