MS «Sewol»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sewol (hangul 세월호)
Ferry Sewol 1.jpg
MV Sewol i Incheon i mars 2014
Karriere
Type: RoPax-ferje
Eigar: Oshima Unyu, Kagoshima i Japan (1994–2007)
A-Line Ferry Company, Kagoshima i Japan (2007–2012)
Chonghaejin Marine Co., Ltd., Incheon i Sør-Kore (2012–2014)
Registreringshamn: Naze i Japan (1994–2012)
Incheon i Sør-Korea (2012–2014)
Verft: Hayashikane Shipbuilding & Engineering Co. Ltd., Nagasaki
Verftsnummer: 1006
Sjøsett: 13. april 1994
Døypt: «Ferry Naminoue» (1994–2012)
«Sewol» (2013–2014)
Ferdigbygd: Juni 1994
Identifisering : IMO-nummer 9105205
Lagnad: Kantra og sokk 16. april 2014
Generelle eigenskapar
Tonnasje:

6 835 bruttotonn

3 794 (dødvekt) tonn
Fart: 21,5 knop (ca. 40 km/t) knop

MS «Sewol» var ei sørkoreansk ferje som kantra og gjekk ned 17. april 2014. Forliset førte til at over 300 av dei 476 som var ombord omkom, og er eit av dei største i sørkoreansk historie.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ferja blei bygd av det japanske verftet Hayashikane Shipbuilding & Engineering Co. Ltd. i 1994[2] og verka opphavleg som «Ferry Naminoue» (フェリーなみのうえ).[3] Frå 1994 til 2012 bli ho brukt i Japan utan å ha nokon ulukker..[2] I 2012 blei ferja kjøpt av det koreanske selskapet Chonghaejin Marine[4] ombygd og omdøypt til «Sewol».[5] Ferja blei sett i rute mellom Incheon og Jeju-provinsen tre gonger i veka.[6]

Forlis[endre | endre wikiteksten]

16. april 2014 kantra «Sewol» og sokk 1,5 kilometer frå Donggeochado under ein overfart frå Incheon til Jeju.[7] 295 av dei som var ombord blei funne omkomne, medan 9 er blitt verande sakna.[8]

Etter forliset viste det seg at det var ei rekkje feil og manglar ved skipet. Registreringa i det sørkoreanske skipsregisteret bygde på forfalska dokument.[9] Skipet hadde ei last på 1157 tonn (i tillegg til 124 bilar og 56 lastebilar)[10] Dette var dobbelt så mykje last som var lov.[11]

Også rutinane ved skipet feila under forliset. Medan passasjerane blei gjevne redningvestar, fekk dei ordrar om å halda seg i lugarane sine medan skipet var i ferd med å synka. Størsteparten av mannskapet forlét skipet før det gjekk ned. Kapteinen for skipet blei seinare dømt til 36 år i fengsel for grov tenesteforsømming og førstemaskinisten til 30 i fengsel for drap. Også andre i mannskapet og skipseigarane blei fengsla.[12]

Mange ferjepassasjerar var elevar ved ein vidaregåande skule utanfor Seoul.[13] Tidlege meldingar frå lokale utdanningsstyresmakter sa at alle elevane var blitt redda, noko som var langt frå sanninga. Etter forliset blei både styresmakter og ferjeselskapet skulda for den dårlege drifta av skipet som først gjorde ulukka mogleg og sidan gjorde henne så døydeleg gjennom dei dårlege rutinane. Den sørkoreanske statsministeren Jung Hong-won sa at han tok på seg ansvaret og ville gå av den 27. april.[14] Leiaren for det koreanske skipsregisteret, Chon Young-Kee, trekte seg den 28. april,[15]

Viserektoren ved skulen Kang Min Kyu, som hadde organisert turen og blei redda av ferja, tok på seg skulda og hengde seg to dagar etter ulukka.[16] Ein ettersøkt eigar og leiar for ferjeselskapet, Yoo Byung-eun, blei ettersøkt av politiet for hendinga og flykta. Han blei seinare funnen død, truleg for eiga hand.[17]

Blant sørkoreanarar blei det vanleg å uttrykka sorg, håp og støtte gjennom ei gul sløyfe brukt på profilbilde på internett, klede eller på offentlege stader.[18]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sør-Koreas statsminister går av», DN.no (27.04.2014)
  2. 2,0 2,1 Kim, Cynthia; Cha, Seonjin; Kim, Sam (24 April 2014). «Divers Continue Search as Ferry Probe Turns to Cargo». Bloomberg L.P. Henta 3 July 2014. 
  3. «Sunken ferry once plied Japan’s seas». The Japan Times. 17 April 2014. Henta 5 July 2014. 
  4. «The Chosun Ilbo (English Edition): Daily News from Korea — Greed Was Biggest Culprit in Ferry Disaster». English.chosun.com. 2014-05-06. Henta 2014-05-28. 
  5. Kwon, Judy; Lah, Kyung (27 April 2014). «Ferry disaster's toll on South Korea's national psyche». CNN (Turner Broadcasting System). Henta 3 July 2014. 
  6. «Hopes fade of finding Sewol survivors». Jeju Weekly. 21 April 2014. Henta 3 July 2014. 
  7. 동거차도에서 본 이 시각 구조 현장 [Current Rescue Scene as seen from Donggeochado] (på Korean). YTN. 22 April 2014. Henta 24 September 2014. 
  8. «One more body recovered from sunken ferry Sewol». Yonhap News. 28 October 2014. Henta 25. desember 2014. 
  9. Kwon, K.J.; Yan, Holly (9 July 2014). «Report: S. Korean ferry operators prioritized profits over safety». CNN (Turner Broadcasting System). Henta 25 August 2014. 
  10. Choe, Sang-hun (6 May 2014). «4 Employed by Operator of Doomed South Korean Ferry Are Arrested». The New York Times (The New York Times Company). Henta 15 September 2014. 
  11. Jenikns, P. Nash (9 July 2014). «South Korean Ferry Was Operating Illicitly, State Report Says». TIME. Henta 15 September 2014. 
  12. «Sørkoreansk kaptein dømt til 36 års fengsel», NRK.no (11.11.2014)
  13. «300 savnet etter at ferje sank utenfor Sør-Korea», NRK.no (16.04.2014)
  14. «Statsministeren i Sør-Korea går av etter fergeulykken i påsken», NRK.no (27.04.2014)
  15. Howard, Gary (28 April 2014). «KR chairman and ceo Chon Young-kee resigns over Sewol». Seatrade Global. Henta 2 May 2014. 
  16. Kyung Lah, «South Korean ferry victims' families ask, 'How are we going to live now?'», CNN (April 20, 2014)
  17. «Tycoon wanted in fatal South Korean boat capsize found dead», South Korea News (22nd July, 2014)
  18. Cheng, Jonathan (5 May 2014). «Children's Day Becomes Day of Grief». The Wall Street Journal. Henta 25. desember 2014. ; Mullen, Jethro (24 April 2014). «Ferry disaster: Yellow ribbons become symbol of hope, solidarity». CNN. Henta 25. desember 2014. ; Suh, Ye-seul (23 April 2014). «Yellow ribbons carry hopes for miracle». The Korea Herald. Henta 25. desember. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: MS «Sewol»