MS «Sirius» (1941)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
MS "Sirius" - Telemark politikammer vol.1 - 43.jpg
MS «Sirius» ved Brevik under andre verdskrigen i tysk teneste.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Sirius»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Bergen Mekaniske Verksted i Bergen
Byggekostnad: 1 397 643 kroner[1]
Verftsnummer: 371
Jomfrutur: August 1941
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LKPT
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 938 brt, 476 nrt
Daudvekt: 1 260 tdw.
Lengd: 234,9 fot (71,6 m)
Breidd: 35,2 fot (10,7 m)
Djupgang: 13,5 fot (4,1 m)
Installert effekt : BHK 1 100 NHK 292
Framdrift: 6 sylindra 2-takts dieselmotor (Sulzer A/G, Winterthur)
Fart: 12,5 knop
Passasjerar: 12 passasjerar
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Slogen»
Eigar: Skibs A/S Karlander
Kjøpt: Mars 1964
Heimehamn: Fredrikstad
Lagnad: Eksploderte 1967, opphogd 1970

MS «Sirius» (kallesignal LKPT) var eit motorskip bygt i 1941 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Sirius er den mest lyssterke stjerna på nattehimmelen. BDS hadde hatt eitt skip tidlegare med same namnet, DS «Sirius» frå 1885 som vart bomba og søkkt i 1940.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Bergen Mekaniske Verksted i Bergen og kosta nesten 1,4 millionar kroner[1] då det vart levert i august 1941.[2]

Skipet vart i starten nytta i kystfart, men vart lagt opp i Bjordal i Sognefjorden i juli-august 1944, i lag med MS «Deneb», på grunn av drivstoffmangel og for å unngå å bli rekvirert av tyskarane.

9. januar 1945 vart «Sirius» angripen av britiske fly. 14 fly frå 144., 455. og 489. skvadron kom innover Fuglsetfjorden i Midtre Sogn, der skipet lågt fortøydd i opplag med kaptein og fire mann ombord. Kapteinen hadde ofte sett fly gå over skipet, utan at det vart angripe. Denne gongen vart det skoten med 20 mm maskinkanonar. Det første ein såg var ei grøn lyskule som eit av dei første flya slapp ned. Kapteinen var på dette tidspunktet i land, 200-300 meter frå skipet. Ombord var berre maskinisten Nordås. Under ein stopp i åtaket klarte han å ro i land og gøyme seg bak nokre store steinar. Flya sikta på vasslinja til skipet, som byrja å søkkje mot babord. Olje som steig til overflata og sette fyr på inventar som låg og flaut. Ingen folk kom til skade under åtaket. Akterskipet vart liggande noko under vatn og det vart sett ut sterke fortøyingstrosser for å hindre at skipet sklei ut på djupare vatn.[3]

Skipet vart heva sommaren 1945 og taua til Bergen Mekaniske Verksted for reparasjonar den 4. september.[4] I skadelidd tilstand vart skipet taksert til 850 000 kroner.[5] 7. november var det tilløp til brann i maskinrommet då skipet låg ved Evje Andersens slipp på Verftet i Bergen. Det hadde teke fyr i noko olje, og elden vart raskt sløkt av arbeidarane på verftet.[6] I starten av desember vart skipet sjøsett igjen og forhalt til Solheimsviken for vidare behandling. Reparasjonen tok lengre tid enn venta fordi det måtte vente på maskindelar frå Sveits.[7] Først 25. januar 1947 var «Sirius» klar til den første turen sin etter krigen. Det gjekk då til London med hermetikk frå Bergen og Stavanger.[8]

Då skipet kom attende til Bergen gjekk turen nordover til Nordland med stykkgods, og 15. februar 1947 grunnstøytte «Sirius» ved Strømsøy nær Rørvik i snøvêr. Skipet hadde kaptein, los og rorgjengar på brua. I snøvêr hadde ein kome for nærme land og det vart gjeve babord ror. Ein klarte så ikkje svingen rundt eit nes på Srømsøy og gjekk på land.[9] Det køyrde seg 3-4 meter inn på grunna og stod fast. Norsk Bjergingskompani sendte DS «Traust» til assistanse, men klarte ikkje å dra det av. Ein del av lasta vart lossa for at skipet skulle bli lettare.[10] 20. februar kom det flott at ved hjelp av bergingsbåtane «Traust» og DS «Draugen».[11] Skipet vart så teken til Sandnessjøen for tettingsarbeid og kunne halde fram turen nordover.[12] Då «Sirius» kom attende til Bergen gjekk det i flytedok for å reparere skaden skikkeleg. Då det vart reparert i april vart det sett inn i ruta til Amsterdam og Rotterdam. I februar 1948 vart MS «Delfinus» sett inn i denne ruta og «Sirius» byrja å gå i kystfart mellom Oslo og Kirkenes, men gjorde enkelte turar til England, Hamburg og Göteborg òg dette året. Dei neste åra gjekk «Sirius» nesten utelukkande i Oslo-Kirkenes-ruta.

Den 17. oktober 1948 kolliderte «Sirius» med Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab sitt DS «Sigurd Jarl». Kl. 14.15 kom «Sigurd Jarl» til kaien i Ålesund på veg sørover i hurtigruten. Skipet hadde fortøydd og det vart gjeve melding til maskinrommet om at dei var «ferdig», som tydde at maskinen skulle slåast av. Brått byrja skipet å gå med full fart framover, slik at fortøyingstrossene sleit seg. Skipet råka rett inn i «Sirius», og laga eit hol i sida på skipet. «Sigurd Jarl» fekk ikkje noko stor skade. Det vart med ein gong slått full fart akterover. Maskintelegrafen vart driven elektrisk og var eit nytt system for skipet, så det vart trudd at maskinisten kunne ha mistyda signalet.[13]

I mars 1951 fekk «Sirius» ein lekkasje etter det drog ut frå Oslo, og var innom i Grimstad for å få tetta lekkasjen. Det var ikkje verre enn at skipet kunne halde fram i ruta til Kirkenes.[14] Det vart ordentleg reparert i Bergen i april.

I januar 1956 gjekk «Sirius» ut av Oslo-Kirkenes-ruta, og gjekk mellombels i opplag. I sildesesongen våren 1956 var det så meininga at «Sirius» skulle gå i lausfart, og for først til Ålesund med sild til Hamburg. Det vart med den eine turen i første omgang, for frå mars til september var skipet attende i Kirkenesruta. Etter ei overhaling i Bergen i september og ein ekstratur til Kirkenes, segla Sirius seint i oktober til Newcastle, medan TS «Leda» var i dokk. I november og desember segla det i lausfart mellom Dei britiske øyane og Spania.

I februar og mars 1957 gjekk det som reserve for MS «Ursa» i kystruta frå Oslo til Hammerfest. Det gjekk så i opplag før det seint i juli igjen gjekk i godsruta til Finnmark. I oktober 1957 tok «Sirius» over ruta til MS «Astrea» til Rotterdam. Etter å ha lossa i Rotterdam 9. desember, gjekk det ut av ruta og drog til Hamburg. Heilt på tampen av året gjekk turen til Newcastle. 1958 starta med rute til Finnmark og 23. januar gjekk det på grunn i Finnsnesrenna på natta. Det kom av for eiga maskin og fortsette til Harstad, der det vart undersøkt. Ei lysbøye hadde på grunn av drivis i området flytta på seg slik at kvit (og trygg) sektor viste i det som eigentleg skulle vere raud sektor.[15] Skadane var små, men «Sirius» vart likevel sett i dokk i Harstad.[16] Kostnaden for reparasjonane vart sett til 85 435 kroner.[17] Skipet vart òg reparert i Laksevåg, og gjekk ein tur i ruta til Rotterdam då det var ferdig i mars, og seinare i mars var det attende i Finnmarksruta. Sommaren 1958 låg det i opplag i Bergen, før det i september lasta for Newcastle, og så til Nord-Afrika og Tyrkia. Seint i november var det attende i Noreg og gjekk frå Trondheim til Antwerpen.

Det første halvåret av 1959 låg skipet i opplag i Bergen. I juni 1959 vart det meldt om at BDS starta opp ei ny linje mellom indiske hamner og Persiabukta. Det var i røynda tre reiarlag bak linja: Olsen & Uglestad, Wallem, Steckmest & Co og Bergenske. Det var to slynger på linja: Colbas Line frå Colombo via indiske hamner til Basra i Irak, og Calbas Line frå Calcutta, via Rangoon til Basra. MS «Vela» vart valt til å gå i Calbaslinja og «Sirius» gjekk i Colbaslinja.[2] I juli 1959 la skipet derfor ut på langtur. Første stopp var Rotterdam, så den spanske enklaven Ceuta i Marokko, via Suezkanalen til Aden i Jemen den 1. august, Cuddalore i India og ColomboSri Lanka 22. august. Det snudde så og drog til Bombay, før det for inn Persiabukta til Basra og Shatt al-Arab tidleg i september. Resten av hausten segla «Sirius» i linjefart mellom Basra, Bombay og Colomba fram til «Sirius» vart eit av mange skip som vart svartelista av arabarane seint i november 1959. Årsaka var at desse skipa, inkludert «Sirius», hadde vore i ei israelsk hamn.[18] Boikotten varte derimot ikkje lenge og «Sirius» var snart i farten mellom Sri Lanka, India og Persiabukta igjen.

«Sirius» segla i denne linja heilt fram til mars 1964, då skipet og MS «Deneb» vart selt til Skibs-AS Karlander, disponert av Egil Paulsen, i Fredrikstad. Skipet segla til Singapore i midten av mars. «Sirius» vart så omdøypt til «Slogen» og fortsette å gå i fart i Austen, no mellom Ny-Guinea og Australia og sidan i generell fart i Austen. Medan det låg i RubaiSumatra den 7. november 1967, var det ein eksplosjon ombord og skipet fekk store brannskadar. Det vart taua til Singapore for inspeksjon og så kondemnert. Skipet vart så seld som det var i januar 1968 til Thome & Co. i Singapore, og igjen same året til Ong Say Bah i Singapore. I mai 1970 vart det selt til Chuan Ho Machinery (Pte.) Ltd. i Singapore for opphogging.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 938 brt, 476 nrt og lasteevna var 1 260 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 001 , og av dette var 291 m³ kjølerom og 32 m³ filetrom. Hovudmaskinen var ein 6-sylindra 2-takts dieselmotor, levert av Sulzer A/G i Winterthur. Oppgjeven yting var 1100 bHk (bremsande hestekrefter) og 292 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 12,5 knop.[1] Skipet hadde rom til 12 passasjerar.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «M/S Sirius». Sjøhistorie.no. Henta 5. august 2020. 
  2. 2,0 2,1 Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 2». Skipet. Nr. 2 (Rådal: Skipet). Volum 14: 30. Henta 5. august 2020. 
  3. «Da «Sirius» ble angrepet av fly». Bergen: Bergens Tidende. 29. januar 1945. s. 2. Henta 5. august 2020. 
  4. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 5. september 1945. s. 2. Henta 5. august 2020. 
  5. «Sjørettstakst». Bergen: Bergens Tidende. 25. januar 1947. s. 2. Henta 5. august 2020. 
  6. «Tilløp til brann ombord på «Sirius»». Bergen: Bergens Tidende. 8. november 1945. s. 2. Henta 5. august 2020. 
  7. «B.M.V.'s nye dieselmotortype slår an». Bergen: Bergens Tidende. 1. oktober 1946. s. 7. Henta 5. august 2020. 
  8. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 23. januar 1947. s. 2. Henta 5. august 2020. 
  9. «Fra sjøretten». Bergen: Bergens Tidende. 21. mars 1947. s. 4. Henta 5. august 2020. 
  10. «Bergenskes «Sirius» grunnstøtt ved Rørvik». Bergen: Bergens Tidende. 17. februar 1947. s. 1. Henta 5. august 2020. 
  11. ««Sirius» flottbrakt i formiddag». Bergen: Bergens Tidende. 20. februar 1947. s. 7. Henta 5. august 2020. 
  12. ««Sirius» tettes nå i Sannessjøen». Bergen: Bergens Tidende. 21. februar 1947. s. 6. Henta 5. august 2020. 
  13. «Kollisjon mellom Nordenfjeldske «Sigurd Jarl» og Bergenskes «Sirius»». Bergen: Bergens Tidende. 20. oktober 1948. s. 3. Henta 5. august 2020. 
  14. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 14. mars 1951. s. 2. Henta 5. august 2020. 
  15. «Hvit bøye lå i den rød sektor». Bergen: Bergens Tidende. 30. januar 1958. s. 11. Henta 5. august 2020. 
  16. ««Sirius» på grunn, av ved egen hjelp». Bergen: Bergens Tidende. 24. januar 1958. s. 5. Henta 5. august 2020. 
  17. «Skaden på «Sirius» ble 85,435 kroner». Bergen: Bergens Tidende. 28. februar 1958. s. 11. Henta 5. august 2020. 
  18. «M/S «Sirius» på arabernes svarteliste». Bergen: Bergens Tidende. 30. november 1959. s. 1. Henta 5. august 2020.