MS «Tedno» (1992)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

M/S «Tedno» i rute Bergen-Sunnhordland, april 2002.
Foto: Harald Sætre
Karriere  Noreg
Namn: MS «Tedno»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Harding Verft i Rosendal
Verftsnummer: 263
Sjøsett: 1992
Teke ut av teneste: 2007
Heimehamn: Haugesund
Kjennemerke: LGDI
IMO-nummer: 9053701
Generelle mål
Type: Snøggbåt
Tonnasje: 269 bruttotonnregister, 89 nrt
Lengd: 29,00 m
Breidd: 8,00 m
Djupgang: 1,41 m
Installert effekt : 3467 bhk
Framdrift: 2x 12cyl. 4T DM (MTU, Friedrichshafen)
Fart: 33 knop
Passasjerar: 173 passasjerar
Karriere  Tyrkia
Namn: MS «Osman Hamid Bey»
Eigar: Altinnal Turizm Istelmecilik ve Yatirim AS
Kjøpt: Februar 2007
Heimehamn: Izmit/Istanbul

MS «Tedno», i dag «Osman Hamid Bey», er ein snøggbåt levert frå Harding Verft i Rosendal i desember 1992 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).

Båten gjekk i ruta Bergen-Sunnhordland, og Bergen-Ølen. Frå 27. august til 10. september 1999 gjekk ho i Haugesundsruta (Stavanger-Haugesund) for MS «Tjelden». 23. september 1999 assisterte ho «Tjelden» i Bømlafjorden etter eit motorstopp. 26. juli 2000 kræsja båten i låg fart i kaien ved Rubbestadneset. Det vart berre små skadar, og båten var tilbake i rute dagen etter. 8. august 2000 grunnstøtte båten ved Flesland kai og fekk skadar i begge skroga. Båten måtte innom verkstad, men var attende i rute alt 11. august. 24. august 2003 fekk båten motorproblem på veg nordover, som ein del av Flaggruten med 90 passasjerar ombord. Båten gjekk til Rubbestadneset for eigen motor og MS «Baronessa» tok passasjerane vidare til Bergen.

Båten vart seld til Altinnal Turizm Istelmecilik ve Yatirim AS i Tyrkia i februar 2007. Per oktober 2014 er båten framleis i fart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]