MS «Tideadmiral»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
MS «Tideadmiral» ved Strandkaien i Bergen

MS «Tideadmiral» er ein katamaran, bygd i 2010 for Tide Sjø (seinare Norled). Systerskipet er MS «Tideekspress». Skipet går i rutene mellom Bergen og Sogndal, og Bergen og Selje.

Tidlegare gjekk Tideadmiral i Flaggruten mellom Bergen og Stavanger.

MS «Tideadmiral» blei bygd ved Oma Båtbyggeri A/S på Stord og er bygg nr 529. Båten er bygd i aluminium og har ei lengd på 33 meter og er 11 meter brei. Passasjerkapasiteten er på 285 passasjerar.

Teknisk informasjon[endre | endre wikiteksten]

  • Byggjeår: 2010
  • Kallesignal: LFJJ
  • Bygd av: Oma Båtbyggeri AS, Stord (byggjenummer 529)
  • Brutto RT: 416
  • Netto RT: 142
  • Dødvekttonn: 50
  • Lengd: 32,5 meter
  • Breidd: 11 meter
  • Fart: 38 Knop
  • Passasjerkapasitet: 285
  • Motor: 4 x MAN D2842 LE410 EDC

Historie[endre | endre wikiteksten]

  • 2010: 1. mars: Levert som «Tideadmiral» for Tide Sjø AS (Tide ASA), Bergen
  • 2010: Fekk påmontert teleskoplandgang i akterenda.
  • 2012: Vart noko ombygd ved Oma Slipp. Denne ombygginga omfatta påmontering av nye landgangar bak, ny landgang i baugen og montering av baugfenderar.
  • 2012: Reiarlaget endra namn til Norled

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Video av «Tideadmiral» på Vågen i Bergen.