MS «Vøringen» (1983)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vøringen.jpg
M/S «Vøringen» i Norheimsund 1983. Foto: Harald Sætre.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Vøringen»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Westamarin i Mandal
Verftsnummer: 87
Sjøsett: 1983
Teke ut av teneste: 1989
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LMBN
Generelle mål
Type: Snøggbåt
Tonnasje: 91 bruttotonnregister, 36 nrt
Lengd: 24,70 m
Breidd: 5,60 m
Djupgang: 2,75 m
Installert effekt : 1780 bhk
Framdrift: 2x 8cyl. 4T DM (MTU, Friedrichshafen)
Passasjerar: 103 passasjerar
Karriere Flag of Denmark.svg Danmark
Namn: MS «Kagga»
Eigar: HT Group K/S
Sett i teneste: 1991-1997
Heimehamn: Halsskov
Karriere Flag of Denmark.svg Danmark
Namn: «Stevns Server»
Eigar: Svend Thormod Petersen & Stevns Shipping A/S
Sett i teneste: November 1997
Heimehamn: Svendborg
Karriere Flag of Liberia.svg Liberia
Eigar: Merchant Shipholding SA
Sett i teneste: April 2002
Heimehamn: Monrovia

MS «Vøringen», seinare «Stevns Server», er ein snøggbåt levert frå Westamarin i Mandal i mars 1983 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).

Båten gjekk mellom anna i rute mellom Norheimsund og Odda.

I juli 1989 vart båten seld til ein ukjend kjøpar, og i august 1991 vart han seld vidare til HT Group K/S i Halsskov i Danmark og omdøypt «Kagga». Båten vart seld vidare til Svend Thormod Petersen & Stevns Shipping A/S i Svendborg i Danmark i november 1997. Han fekk då namnet «Stevns Server». I april 2002 vart han seld til Merchant Shipholding SA i Monrovia i Liberia og den vidare lagnaden er ukjend.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]