MS «Victoria»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MS «Victoria»

Victoria ankommer Lunde sluse for å ta imot passasjerer
Foto: Morten Nærbøe
Karriere
Type: Passasjerskip
Eigar: Interessentskapet for dampskibsfart på Norsjø (1882 - 1900),
Skien–Telemarkens Dampskipsselskap (1900 - 1961),
Turist-Trafikk (1961 - 1998),
Skien Dalen Skipsselskap (1998)
Verft: Akers mekaniske verksted, Oslo
Byggjenummer: 95
Sjøsett: 11. februar 1882
Sett i teneste: 1882
Jomfrutur: 1882
Status: I drift
Identifisering: IMO-nummer: 5379822
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 141,76 brt tonn
Dekkbreidde: 5,5 m (18 fot) m
Djupgang: 2,2 m (7,2 fot) m
Passasjerar: 1907: 75
2008: 180
Mannskap: 1907: 9

DS «Victoria», frå 1953 MS «Victoria», er eit passasjerskip som vart overlevert Interessentskapet for dampskibsfart på Norsjø i 1882. Skipet var byggenummer 93 ved Akers mekaniske verksted i Oslo, og var opphavleg utstyrt med ei kolfyrt dampmaskin. MS «Victoria» har gått i meir eller mindre fast rute på Telemarkskanalen, mellom Skien og Dalen, sidan 1882. Etter 1963 har skipet hovudsakleg gått i turisttrafikk i sommarmånadene. MS «Victoria» er i dag eigd og blir dreve av Skien-Dalen Skipsselskap AS.

Skipet er kalla opp etter kronprinsesse Victoria som var den svensk-norske kronprins Gustavs tyske hustru.

Den 26. august 2012 kunne sjåarar på NRK2 følge skipet opp Telemarkskanalen frå Skien til Dalen i det 10 timar lange programmet Telemarkskanalen minutt for minutt.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

MS «Victoria» saman med «Vrangfos» på det islagte Heddalsvatnet i 1959.

Etter opninga av Norsjø-Skienkanalen i 1861 auka passasjertalet og godsmengda på ruta. Interessentskapet for dampskibsfart på Norsjø vedtok derfor å bygge eit nytt og større skip for å erstatte DS «Amtmand Aall» frå 1861. Kontrakten gjekk til Akers mekaniske verksted i Oslo, og 11. februar 1882 vart skipet sjøsett og døypt DS «Victoria». Postbefordring hadde heile tida vore ein del av trafikkgrunnlaget, men i 1888 vart oppgåva formalisert gjennom ein kontrakt med Postverket som gav eit årleg tilskot på 2 500 kroner. Kontrakten forutsette at skipa hadde postkontor med postfunksjonær ombord, ei ordning som varte fram til 1929. 23. oktober 1893 hadde skipet celebre gjestar da Kong Oscar og sonen Prins Eugen var passasjerar på ei segling opp kanalen. I 1953 vart dampmaskina erstatta med ein dieselmotor, men alt etter 1956-sesongen ble ruta lagt ned, og MS «Victoria» vart lagt i opplag. 24. februar 1961 vart selskapet AS Turistrafikk danna, med det formål å ta opp att passasjertrafikken på Bandak-Norsjøkanalen. Selskapet kjøpte MS «Victoria», og 21. juni 1963 vart skipet igjen sett inn i ordinær rutetrafikk. I sommarmånadene går skipet framleis i turisttrafikk på Telemarksskanalen.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

DS «Victoria»s tonnasje var ved levering 141,76 bruttoregistertonn og 71,73 nettoregistertonn. Framdrifta skjedde ved hjelp av ein propell dreve av ei kolfyrt compound dampmaskin med arbeidstrykk 70 psi og oppgitt yting 29 nhk (nominelle hestekrefter). Kjelen vart etter ei tid bygd om frå kolfyring til oljefyring, noko som reduserte driftskostnadane. I 1953 vart dampmaskina erstatta av ein dieselmotor. I 1907 var skipet sertifisert for 75 passasjerar. I dag har ho ein kapasitet på 180 passasjerar, og har vore bygd om og oppgradert ei rekke gongar.

MS «Victoria» ved Sundkilen bru i Kviteseid i 2011.
Foto: Tore Schrøder

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]