MS «Granvin»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå MS Granvin (1931))

MS «Granvin» i 1936, og (den no nedlagde)
endestasjonen for Hardangerbanen kan ein sjå i bakgrunnen
Karriere  Noreg
Namn: MS «Granvin»
Eigar: HSD
Verft: Mjellem & Karlsen i Bergen
Verftsnummer: 63
Sjøsett: 1931
Teke ut av teneste: 1968
Kjennemerke: LKCS/LGDC
Lagnad: I drift som veteranskip (2012)
Generelle mål
Type: Fjordabåt
Tonnasje: 115 brt, 47 nrt
Lengd: 89,9 fot (27,4 m)
Breidd: 18,6 fot (5,7 m)
Djupgang: 9,5 fot (2,9 m)
Installert effekt : 150 bHK
Framdrift: 2cyl. 2T EV Bolinder RM
Generelle mål etter ombygging i 1968
Installert effekt : 300 bhk
Framdrift: 3syl 2tev Wichmann 3ACA

M/S «Granvin» er ein fjordbåt bygd i Bergen av A/S Mjellem & Karlsen i 1931 og gjekk i rutefart for Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap fram til 1968, men leigd inn att av HSD og fortsette å gå i lokalrutefart i Hardanger fram til ruta vart nedlagd i 1987. Skipet fekk status som verneverdig fartøy av riksantikvaren i 1995 og er eigd av Veteranskipslaget Fjordabåten. 27. oktober 2011 vart skipe freda av Riksantikvaren.

MS «Granvin»[endre | endre wikiteksten]

Den grunnstøytte MS «Granvin» i 1933.
M/S «Granvin» i Mofjorden. Foto: Harald Sætre

Skipet vart levert frå AS Mjellem & Karlsen i Bergen (byggenr. 63) i mars 1931 og vart nytta i lokalrutefart for HSD i Hardanger. Somrane 1931-1934 gjekk ho òg i turistruta Norheimsund-Eidfjord-Ulvik. 21. februar 1933 var «Granvin» var på veg i rute frå Hardanger til Bergen då ho gjekk på grunn på Tjuvaholmen nord for Øystese og sokk. Ho vart heva av bergingsbåt «Herkules» og reparert. Sommaren 1935 vart turistruta overtatt av den nye HSD-båten «Eidfjord».

Under den tyske invasjonen av Noreg den 9. april 1940 gjekk «Granvin» i rute i Indre Hardanger. Ho vart rekvirert som troppetransport for norske soldatar saman med «Eidfjord» og «Hordaland» som var i same område. 24. april 1940 frakta «Granvin» og «Eidfjord» norske soldatar frå Kinsarvik til Granvin, då fem tyske motortorpedobåtar gjekk til åtak på dei norske styrkane i «Eidfjord» var teken som tysk krigsbytte, medan «Granvin» rakk å kome seg ut før sjølve angrepet. Ho fortsette i rutefart.

I 1968 vart ho seld til Olav Linga i Folkedal og leigd attende av HSD og fortsette i lokalruta Granvin-Ulvik. Same året vart ho noko ombygd og fekk større lasterom. Masta vart òg flytta framover og ho fekk ny straumlinjeforma skorstein. Ein ny motor vart sett inn. I 1987 vart ruta lagt ned og «Granvin» gjekk i opplag.

I mars 1988 vart skipet seld til Veteranskipslaget Fjordabåten i Bergen for å bevarast som veteranbåt. Ho vart delvis restaurert. Masta vart flytta attende og ny skorstein lik den originale vart montert. Ho vart nytta til turar i sommarhalvåret. I 1995 fekk ho status som verneverdig fartøy av Riksantikvaren og 27. oktober 2011 vart ho freda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]