MTR Corporation Ltd.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MTR Corporation Ltd.


Org.formAksjeselskap
BransjeKollektivtransport, eigedomsutvikling
Skipa1975
LandFolkerepublikken Kina
Produktjarnbanetog
Adm.dir.Jay Walder (1. januar 2012)
Nettstadhttps://www.mtr.com.hk/ (engelsk)

MTR Corporation Ltd. er ei kinesisk verksemd skipa i 1975 for å stå for drifta av tunnelbanenettet i Hongkong. Verksemda har seinare engasjert seg på verdsmarknaden når det gjeld vedlikehald og drift av skjenegåande kollektiv persontrafikk i og mellom byområde.

Etter at privatisering av skjenegåande persontransport har vorte vanleg i mange land, står MTR Corporation Ltd. for drifta av mellom anna regiontog i Melbourneområdet i Australia, er engasjert i persontransporten på jarnbanenettet London Overground i Londonsområdet i England (i ei gruppe med Deutsche Bahn Arriva, som er er eit selskap under Deutsche Bahn Aktiengesellschaft og tek seg av jarnbanedrift utanfor Tyskland), driv frå 2009 Stockholms tunnelbane i Stockholm i Sverige, og frå våren 2015 køyrar selskapet sin eigen såkalla «MTR Express» mellom Stockholm og Göteborg i Sverige etter at det vart opna for konkurranse mellom fleire persontogselskap samstundes på denne jarnbanestrekninga.

Stockholm tunnelbane vart frå 2009 drive av MTR Corporation Ltd. Her eit tunnelbanetog på Söderströmsbron i Stockholm, fotografert i 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: MTR Corporation Ltd.