Ma'adim Vallis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ma'adim Vallis og Gusev-krateret fotografert av ein Viking-sonde

Ma'adim Vallis (latin for Ma'adimdalen) er ein dalMars. Han har opphavet sitt nær grensa mellom låg- og høglanda på Mars og munnar ut i Gusev-krateret.

Ma'adim Vallis er 20 kilometer brei og 2 kilometer djup og ein av dei største dalane på Mars utanom Marinerdalane. Vest for dalen ligg Terra Cimmeria og i aust ligg Terra Sirenum.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kart hjå Gazetteer of Planetary Nomenclature (kartbladet «MC-23 Aeolis»)
  2. Kart hjå Gazetteer of Planetary Nomenclature (kartbladet «MC-16 Memnona»)