Ma'alot-Tarshiha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°1′N 35°16′E
Ma'alot-Tarshiha
מַעֲלוֹת-תַּרְשִׁיחָא, Maʻalot-Tarshiḥa, معالوت ترشيحا, Maʻālūt Taršīḥā
by
Ma'alot-Tarshiha.jpg
Våpenskjold
Namneopphav: Teir Shiha: Teir, ei borg. Shih er ei duftande urt.[1]
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 33°1′N 35°16′E
Areal 6,83 km²
Folketal 20 600 (2009) [2]
Grunnlagd 1963
 - Bystatus 1996
Borgarmeister Shlomo Bohbot
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ma'alot-Tarshiha

Ma'alot-Tarshiha (hebraisk מַעֲלוֹת-תַּרְשִׁיחָא; arabisk معالوت ترشيحا) er ein blanda by i Nord distrikt i Israel, kring 20 km aust for Nahariya, og kring 600 meter over havet. Byen vart grunnlagd i 1963 ved ei kommunesamanslåing mellom den arabiske byen Tarshiha og den jødiske byen Ma'alot. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde byen i desember 2009 20 600 innbyggjarar.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tarshiha[endre | endre wikiteksten]

Ein trur Tarshiha vart bygd over ein kanaanittisk busetnad, Haki [treng kjelde], datert attende til 1000- til 2000-talet fvt. Krossfararkjelder frå 1100- til 1200-talet omtalar Tarshiha som Terschia, Torsia og Tersigha.[3] I krossfarartida vart Tarshiha plyndra av krossfarar i 1266.[3]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

I 1573, under Det osmanske riket, vart landsbyen Tarshiha plyndra av den libanesiske høvdingen Mansur ibn Furaykh.[3] Ei skatteliste frå 1596 syner at landsbyen høyrte til Akko nahiya og hadde 107 hushaldningar, alle muslimar. Innbyggjarane betalte skatt for bier og geiter, i tillegg til ei presse som anten vart nytta for oliven eller druer.[4] Seinare i den osmanske perioden vart han ein av dei store bomullsprodusentane i Galilea.[5]

Mariti vitja landsbyen (som han kalla Terschia) i 1761, og skrive at «han bugnar med vatn, som gjev frodige bomullsplanter, frukttre og tobakk.».[6]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I 1945 var folketalet i Tarshiha estimert til å vere 3 840.[7][8] Det totale folketalet i Tarshiha med Al-Kabri var 5 360 arabarar.[9]

Staten Israel[endre | endre wikiteksten]

Tarshiha låg i eit område som var meint å høyre til den arabiske staten i følgje delingsplanen til SN frå 1947.[10] Under den arabisk-israelske krigen i 1948, vart landsbyen erobra av det israelske militæret i operasjon Hiram den 29. oktober.[11] Landsbyen vart boba av tre israelske fly kvelden den 28. oktober. Dette skjedde etter langvarig artillerield og fleire flyåtak om morgonen, då soldatane i landsbyen og dei fleste innbyggjarane trekte seg nordover til Libanon.[12][13] Ein SN-observatør rapporterte den 1. november 1948 at palestinske landsbyar kring Tarshiha var fråflytta og vart plyndra av israelske styrkar. The New York Times la til at plyndringa verka å vere systematisk, der israelske militærkjøretøy vart nytta til å frakte bort utbyttet.[14] I desember 1948 hadde kring 700 landsbybyarar, hovudsakleg kristne, kome attende til landsbyen.[15]

Arabarar som ikkje hadde registrert seg før november 1948, vart rekna som ulovlege og deporterte om dei vart oppdaga. Ein amerikansk kvekar som arbeidde som hjelpearbeidar, skildra eit raid på Tarshiha den 15. januar 1949. Alle menn over seksten år vart utspurte av eit panel på åtte israelarar. 33 familieoverhovud og 101 familiemedlemmar, frå 1 til 79 år gamle, vart deportert.[16] I desember 1949 stoppa det israelske utanriksdepartmenetet ei plan det israelske militæret hadde om å reinske Tarshiba og fem andre landsbyar langs den libanesiske grensa for gjenverande arbarar og skape ein 5 til 10 km brei arabarfri sone.[17] Arabarar i Galilea vart verande i unntakstilstand fram til 1966.

Ma'alot[endre | endre wikiteksten]

Ma'alot-Tarshiha rådhus

Ma'alot vart grunnlagd som ein utviklingsby for jødiske immigrantar frå Romania, Iran, Libanon og Marokko, i 1957. Dei første hiamene vart bygd på Har HaRakafot.[treng kjelde]

Ma'alot-Tarshiha[endre | endre wikiteksten]

I 1963 vart Ma'alot slått saman med den større Tarshiha, og den samanslåtte byen fekk nytt namn.

Den 15. mai 1974 vart ein grunnskule i Ma'alot angripen av terroristar frå Folkefronten for frigjeringa av Palestina i det som vart kjend som Ma'alot-massakren.[18] 22 tenåringar og tre lærarar frå Safed på ein klassetur vart drepne i åtaket. Dei hadde sove på golvet inne i bygningen.[19] I tillegg vart tre israelske kvinner, ei av dei gravid, eit fire år gammalt barn og to menn drepne av dei same terroristane før skulebarna vart drepne.[20]

Ma'alot-Tarshiha fekk offisielt bystatus i 1996.

Nesten 700 Katyusha-rakettar landa i nærleiken av Ma'alot-Tarshiha under den andre Libanonkrigen. Tre arabiske innbyggjarar i byen vart drepne i eit rakettåtak.[21]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 55
  2. 2,0 2,1 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2,000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israel Central Bureau of Statistics. 2010-06-30. Henta 14. oktober 2014. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Petersen, 2002, s.293
  4. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s.. 192. Sitert i Petersen, 2002, s. 293-4
  5. Cohen,1973, s. 12, 121. Quoted in Petersen, 2002, s.. 294
  6. Mariti, 1792, p. 339
  7. Khalidi, 1992, p. 19
  8. Morris, 1987, s. 239. Gjev folketalet til 4-5,000. 4/5 muslim.
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert Hadawi, 1970, s. 41
  10. United Nations. Palestine Plan of Partition [kart]. Henta 14. oktober 2014.
  11. «Tour and Signposting in Tarshiha». Zochrot. 2006-11-11. Henta 14. oktober 2014. 
  12. Khalidi, 1992, pp.13,477
  13. O'Ballance, Edgar (1956) The Arab-Israeli War. 1948. Faber & Faber, London. s. 188, 190.
  14. Khalidi, 1992, s.6
  15. Morris, 1987, s. 194, 225, 239..
  16. Morris, 1993, s. 145
  17. Morris, 1987, p. 242
  18. «Top 10 Worst School Massacres». The List Universe. Henta 14. oktober 2014. 
  19. «1974: Dozens Die as Israel Retaliates for Ma'alot». BBC. 1974-05-16. Henta 14. oktober 2014. 
  20. "Bullets, Bombs and a Sign of Hope", TIME, 27. mai 1974.
  21. Ben Simon, Daniel. «On TV, They Said There Were No Katyushas Left». Haaretz. Henta 14. oktober 2014. 
  22. «Cooperation Between Israel and the State of Pennsylvania». American-Israeli Cooperative Enterprise. Henta 14. oktober 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]