Hopp til innhald

Ma'an guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ma'an
معان
guvernement
Land  Jordan
Distrikt 4
Byar Shoubak
Hovudstad Ma'an
Areal 32 832 km²
Folketal 175 200 (2019)[1]
Retningsnummer +(962)3
Urban 54.9%
Rural 45.1%
Kart
Ma'an guvernement
30°11′42″N 35°44′03″E / 30.195°N 35.734167°E / 30.195; 35.734167
Kart som viser Ma'an guvernement.
Kart som viser Ma'an guvernement.
Kart som viser Ma'an guvernement.
Wikimedia Commons: Ma'an Governorate

Ma'an (arabisk محافظة معان) er eit guvernement i Jordan. Det ligg sør for Amman, hovudstaden i Jordan. Guvernement er det største i Jordan i utstrekking. Administrasjonsbyen er Ma'an.

Petra er ein verdsarvstad og eit av dei sju nye underverka.
Krossfararborga Montreal i Shoubak.
Hor-fjellet der ein trur at Aron, bror til Moses døydde, og byen Taibeh.

Området som guvernementet Ma'an dekkjer har mange historiske stader. Ma'an var hovudstaden i den arabiske staten som emir Abdullah erklærte ei kort stund i 1920 før hovudstaden vart flytta til Amman. Den første avisa i Jordan vart publisert i Ma'an og heitte Alhaqqu Ya'lu (الحق يعلو ). Ma'an guvernement var ein del av området til Edom, som hadde hovudstaden sin i Busaira i Tafilah guvernement. Edomittane vart sidan erstatta avnabatearane, som etterlet seg ein av dei mest merkverdige stadane i Midtausten, oldtidsbyen Petra. Etter å ha stått i mot invasjonane til makedonske og romersk armear, fall Petra til slutt for Romarriket i 103 evt. Like ved Petra ligg fjellet Jebel Nebi Harun, der ein trur Aron, bror til Moses døydde. Det ligg ei grav for Aron på fjelltoppen.

På 600-talet evt. vart Ma'an ein del av det islamske kalifatet. Då krossfararane kom på 1000-talet, tok dei kontroll over høglandet Shoubak, med ei høgd på meir enn 1300 meter over havet. Krossfararane bygde Montreal-borga i Shoubak.

Sjølv om Ma'an guvernement har det største arealet av dei 12 guvernementa i Jordan, har han lågast folketettleik: mindre enn fire personar per kvadratkilometer. Det grensar til Saudi-Arabia i aust og sør, Akaba, Tafilah og Karak guvernement i vest, og Amman guvernement i nord.

Klimaet i Ma'an er houvdsakleg ørkenklima, men dei vestlege høglanda har middelhavsklima. Årsnedbøren varierer frå 50 mm i ørkenområda til 250 mm i dei vestlege høglanda, og over 500 mm i Sharah-fjella.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Ma'an guvernement er delt inn i fire departement.[2]

Wadi Musa.
Byen Shoubak i Ma'an guvernement
Nahiyaer i Ma'an guvernement etter folketal (2004)
Nahiya Arabisk namn Areal Folketal (2004)[3] Adm. senter
1Al-Qasabah nahiya لواء قصبة معانomfattar byen Ma'an og 56 andre byar og landsbyar51 016Ma'an
2Petra nahiyaلواء البتراءomfattar 19 byar og landsbyar23 840Wadi Musa
3Shoubak nahiyaلواء الشوبكomfattar 27 byar og landsbyar12 087Shoubak
4Husseiniya nahiyaلواء الحسينيةomfattar åtte byar og landsbyar8 310Husseiniya
Kjelde: وزارة الداخلية - الأردن Det jordanske innanriksdepartementet

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ma'an guvernement