Ma Rainey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ma Rainey
MaRainey.jpg
Fødenamn Gertrude Pridgett
Fødd 26. april 1886
Columbus i Georgia i USA
Død

22. desember 1939 (53 år)
Rome i Georgia i USA

Sjanger Blues
Tilknytte artistar Rainey and Rainey, Assassinators of the Blues, The Rabbit's Foot Company, Bessie Smith
Plateselskap Paramount Records

Gertrude Pridgett Rainey, betre kjend som Ma Rainey (26. april 188622. desember 1939), var ein amerikansk songar som blir rekna som ei av dei første profesjonelle bluessongarane og tilhøyrde den første generasjonen som spelte inn slik musikk.[1] Ma Rainey er blitt kalla «mora til bluesen» og er kjend for innspelingar av songar som «Bo-weevil Blues» (1923), «Moonshine Blues» (1923), «See See Rider Blues» (1924), «Black Bottom» (1927) og «Soon This Morning» (1927).[2]

Ma Rainey byrja å opptre sm ung tenåring. Ho fekk artistnamnet sitt etter å ha gifta seg med Will Rainey i 1904. Dei turnerte først med Rabbit Foot Minstrels og seinare som si eiga gruppe kjend som «Rainey and Rainey, Assassinators of the Blues».

Ho gjorde sitt første lydopptak i 1923, og i løpet av dei neste fem åra gjorde ho over hundre innspelingar. Ho gjorde opptak med Louis Armstrong, og turnerte og gjorde innspelingar med Georgia Jazz Band. Rainey fortsette å turnera fram til 1935, då ho trekte seg tilbake og vende attende til heimbyen sin.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Southern, Eileen (1997). The Music of Black Americans: A History (3rd utg.). W. W. Norton & Company. ISBN 0-393-97141-4. 
  2. Lieb, Sandra (1983). Mother of the Blues: A Study of Ma Rainey (3rd utg.). University of Massachusetts Press. ISBN 0-87023-394-7. 
  3. Oliver, Paul, «Rainey, Ma (née Pridgett, Gertrude)», Grove Dictionary of Music and Musicians (Oxford University Press), http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/50130?q=ma+rainey&hbutton_search.x=0&hbutton_search.y=0&hbutton_search=search&source=omo_t237&source=omo_gmo&source=omo_t114&search=quick&pos=1&_start=1#firsthit, henta 20 April 2010 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ma Rainey