Maal og Minne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Maal og Minne er eit tidsskrift for norsk språk, språkminne- og folkeminnegransking. Tidsskriftet vart gjeve ut av Bymålslaget og kom ut fyrste gongen i 1909. Det kjem med to nummer i årgangen.

Redaksjon[endre | endre wikiteksten]

Maal og Minne vart grunnlagt av Magnus Olsen, som og redigerte tidsskriftet fram til 1950. Seinare redaktørar har vore Trygve Knudsen (1951-67), Ludvig Holm-Olsen (1951-84), Einar Lundeby (1968-95), Bjarne Fidjestøl (1985-93), Odd Einar Haugen (1995-2005) og Kjell Ivar Vannebo (1996-2005). Sidan 2006 har Lars S. Vikør og Jon Gunnar Jørgensen hatt redaktøransvaret.

Maal og Minne tek imot artiklar og anna stoff skrive på norsk, svensk, dansk, engelsk og tysk.

Frå og med 1972 vart Maal og Minne publisrt av Det Norske Samlaget, men frå og med 2010 har det vore publisert av Novus forlag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]